Hopp til innhold

Kjøttprodusent må legge ned på grunn av flaum

Stadige oversvømmingar i og rundt fabrikklokala gjer det umogleg for det tradisjonsrike eldhuset på Evanger å halde fram drifta. – Trist, seier tillitsvald.

Kasser flyter utenfor Nortura sine oversvømte lokaler på Evanger langs Vosso-vassdraget

FLAUM: Flaum i oktober 2018 gjorde stor skade på fabrikken.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Formelt er det ikkje endeleg avgjort, men konsernsjefen i Nortura har innstilt på at den vesle fabrikken på Evanger skal avviklast. Avgjerda skal opp i styret seinare denne månaden.

– Det er vemodig å avslutte drifta ved Nortura Evanger. Men etter nøye vurdering ser vi ikkje at vi har andre val slik situasjonen er, seier konstituert konsernsjef Hans Thorn Wittussen i ei pressemelding onsdag.

Stoppa av naturen

Fleire gonger har fabrikken vore utsett for flaum, noko som har gjort at drifta har blitt stansa og store mengder kjøt har blitt kasta.

– Dette er kanskje den første bedrifta som faktisk får kjenne på dei klimautfordringane vi står over for, seier ordførar i Voss kommune, Hans Erik Ringkjøb.

Han meiner situasjonen er trist både for bygda, merkevara og dei tilsette.

Seinast hausten 2018 var det to flaumar på Evanger.

Ifølge Nortura har dei vurdert ulike alternativ til flaum- og skadeførebygging, men ikkje klart å finne løysingar som er gode nok. NVE har også stoppa vidare arbeid med flaumførebygging rundt anlegget.

Flaum ved Evanger Eldhus

VANLEG SYN: Evanger Eldhus ligg like ved E16.

Foto: Marit Stensby / NRK

Mister tradisjon og arbeid

Nortura Evanger sine eldste eldhus er frå slutten av 1920- talet. Dei produserer mellom anna pinnekjøt, Vossakorv og smalahove.

Det er ti fast tilsette ved fabrikken. Fem av desse sluttar i løpet av året og har fått seg nye jobbar.

– Dette er trist. Ikkje minst fordi vi har stått på og jobba oss gjennom flaumane, seier Jon Øystein Gustavsen.

Dei tilsette som ikkje har nye jobbar å gå til, får oppfølging av Nortura.

Planen er at enkelte av produkta no skal produserast ved andre Nortura-fabrikkar.

Kjøt gjekk tapt på Nortura Evanger

MÅTTE KASTAST: Også i 2014 blei store mengder kjøt øydelagt av flaum.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK