NRK Meny
Normal

– Det tørkar ut igjen. Det er ikkje verre enn lukta av daude rotter

BRYGGEN I BERGEN (NRK): Torsdag kan havet stå 25 cm over bryggekanten på Bryggen i Bergen, men butikkeigarane trekkjer på skuldrene.

Bryggen i regn

INGEN PANIKK: Butikkinnehavarane på Bryggen i Bergen fryktar ikkje oversuming torsdag. Butikkane her er ikkje heilt tette, så skjer det så skjer det, seier butikksjef Yanne Bazin ved Anne Viken vevstove.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Nei, kva kan me gjera? Me kan jo ikkje akkurat riva butikken.

Butikksjef Yanne Bazin ved Julehuset ligg geografisk sett dårlegast an om prognosane til meteorologane skulle slå til i morgon.

I Bellgården, lengst aust i husklyngja på Bryggen, ligg eitt av dei få husa som enno ikkje er heva i regi av Stiftelsen Bryggen.

– Eg har jobba her i åtte år og berre ein gong har det kome vatn inn. Me vil sjå det an i morgon og flytta varene viss me ser at vassnivået stig, men eg trur det skal gå bra, seier Bazin.

Yanne Bazin, Julehuset

HÅPAR: Butikksjef Yanne Bazin fryktar ikkje stormflod, men blir litt uroa når ho høyrer kor høgt havnivået kan nå. – Skjer det, så skjer det.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Eg trur ikkje på det

Like optimistisk er Jostein Kalleklev nokre trehus lenger borte. Innehavaren av Bryggen handel er ikkje redd for dei 20–25 cm med havvatn som meteorologane spår kan gjera Vågen uvanleg brei torsdag føremiddag.

– Eg har vore her i 29 år og det har så vidt eg kan hugsa aldri kome vatn over bryggjekanten. Det trur eg ikkje på no heller.

Vatnet tørkar ut gjen. Det er ikkje verre enn lukta av daude rotter som er her kvar dag.

Jostein Kalleklev, butikkeigar Bryggen

Prognosane Kartverket har framstilt for torsdag føremiddag, seier at floda skal bli 231 cm.

skjermpdump www.sehavnivå.no

HØGVATN: Det er meldt eit havnivå på 231 cm over sjøpunktnull på det meste torsdag føremiddag. Bryggen blir oversumt når havnivået stig til litt over 2 meter.

Foto: skjermdump

Høgvatn med over 228 centimeter over sjøkartnull er ifølge kartverkets statistikk svært uvanleg, med ein gjentaksintervall på berre 100 år.

Brannvesenet testar nytt våpen mot havet

Onsdag ettermiddag var brannvesenet på synfaring på Bryggen. Dei vil ta i bruk utstyr som aldri tidlegare er testa mot sjø om havnivået byggjer seg opp, fortel Kjell Ove Christophersen, seksjonsleiar og vakthavande sjef i Bergen brannvesen.

Kjell Ove Christophersen

TIL PUMPENE: Seksjonsleiar og Kjell Ove Christophersen seier brannvesenet vil ta i bruk alle verkemiddel i eit forsøk på å halda eventuelle vassmassar vekke frå den gamle trehusbebyggelsen på Bryggen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Det er lenser av ulike slag, som slår seg opp og står som ein demning og sperrar. Det fungerer mot det som det er meint til, nedbør som kjem nedover ein veg og trugar hus, men kor vidt det fungerer mot havet, står att å sjå.

Brannvesenet set ikkje inn ekstra mannskap.

– Dette skal me klara å handtera i den tida det held på.

Beredskapsleiar Svein Erik Malkenes i Bergen havn seier dei set alle klutar til for å sikra straumpostar, brannstigar, brannpostar og bygningsstruktur viss havnivået stig som prognosane tilseier i morgon.

– Me har ein beredskapsplan for ekstremvêrhendingar. Mottak for skipa er vår fremste prioritet, men det seier seg sjølv at det kan bli vanskeleg viss floden går over kaikanten.

Jostein Kalleklev

IKKJE UROA: Tidlegare pipla det vant opp frå avløpssystemet under butikken til Kalleklev. Etter at kommunen la ned pumpesystem og ventilar med einvegsfunksjon har problemet forsvunne, fortel kjøpmannen med 29 års fartstid.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Skjer det, så skjer det

Sjølv om Kalleklev ikkje fryktar saltvatn over dørstokken, tek han sine forholdsreglar.

– Eg passar på at det ikkje står ting på golvet. Men det er mest for syns skuld, seier butikkinnehavaren.

Utanfor Julehuset viser Bazim kor vatnet i verste fall vil trekka inn.

– Vatnet må koma inn hit viss me skal få det inn i butikken, fortel Bazin og peikar på brusteinsgata utanfor.

– Me har fjorden under golvet her, så me ligg vel utsett til. Me får sjå i morgon

Siste video

I kveldens sending kan du se at både Arbeiderpartiet og Høyre frir til Vestlandet i sin søken etter regjeringsmakt etter stortingsvalget i september,
Sambuarparet Anders Dalland og Irene Danielsen gjer alt for at kyrne skal trivast.
Se opptak av Vestlandsrevyen mandag