Hopp til innhold

Sjukepleiarane tør ikkje gå åleine på jobb

Heimesjukepleiarane går to og to på jobb kring senteret for rusmisbrukarar fordi dei kjenner seg utrygge. – Det opplevast litt skremmande å gå på oppdrag der, seier leiaren.

Tør ikkje gå åleine på jobb

GÅR TO OG TO: – Det er ikkje brukarane som gjer at vi treng å vera to, seier heimesjukepleiar Liv Rong.

Kjerstin Eikrem

GÅR TO OG TO: – Me ser fleire og fleire narkomane som trekker til området etter at Strax-huset blei etablert, seier Kjerstin Eikrem, soneleiar i heimesjukepleia i Laksevåg.

Foto: privat

– Det er ikkje brukarane som gjer at vi treng å vera to. Det er det at det kjem folk utanfrå som gjer at det har blitt meir utrygt, seier heimesjukepleiar Liv Rong.

Etter mykje diskusjon om kvar Straxhuset i Bergen skulle ligge, blei senteret som tilbyr hjelp til narkomane plassert på Damsgård i Laksevåg bydel.

– Damsgård er det beste tilgjengelige alternativet, skreiv då byråd for helse og inkludering, Hilde Onarheim (H), i ei pressemelding.

No seier heimesjukepleia i Laksevåg at dei vel å sende sine tilsette to og to på heimebesøk i dette området. Årsaka er at pleiarane kjenner seg utrygge.

– Me har valt å gjere det slik fordi me ser det er fleire og fleire narkomane som trekker til området etter at Strax-huset blei etablert. Når pleiarane skal på oppdrag der, så opplevast det litt skremmande, seier Kjerstin Eikrem, soneleiar i heimesjukepleia i Laksevåg.

– Ubehageleg å gå åleine i dette området

Folk assosierer gjerne heimesjukepleiarar med medisin.

Kjerstin Eikrem, soneleiar i heimesjukepleia i Laksevåg.

Eikrem seier dei ikkje har fått tilbakemeldingar om at nokon er blitt trua på jobb, men at det opplevast som ubehageleg å gå åleine til dette området.

– Folk assosierer gjerne heimesjukepleiarar med medisin. Sjølv om pleiarane ikkje har med seg dette ut, er dei redde for at nokon skal tru dei har det.

Eikrem seier dei også har valt å samle vaktene til dagtid eller tidleg kveld, for at pleiarane skal sleppe å gå i dette området når det er mørkt.

– Ikkje alle med rusproblem er farlege

Kristine Stokke Skår

UTRYGG: – Ein kan kjenne seg utrygg av mange årsaker, seier tillitsvald for sjukepleiarane i heimesjukepleien i Lakevåg, Kristine Stokke Skår.

Foto: Privat

Det er ulike årsaker til at pleiarane går to i nokre områder kring Straxhuset på Laksevåg.

Både området i seg sjølv og bustadane kan gjere at folk kjenner seg utrygge på jobb, seier tillitsvald for sjukepleiarane i heimesjukepleien i Lakevåg, Kristine Stokke Skår.

– Ein kan kjenne seg utrygg av mange årsaker. Det kan vere ei redsle for å bli stengt inne i heimar og ikkje komme seg ut. Nokre er også redde for kva dei kan komme til å sjå. Det kan vere rusa folk, eller dei kan vere uroa for å komme over overdosar åleine.

Skår seier det å gå to og to gjev ei kjensle av tryggleik, men at det ikkje er uproblematisk.

– Det er ikkje slik at alle med rusproblem er farlege. Når me kjem to inn i ein heim kan det også øydelegge noko av dialogen med den me besøker. Den som bur der veit jo at me kjem to fordi me opplever området som truande. Det kan gjere at ein kjenner seg stigmatisert og opplever det som provoserande, seier Skår.

Innfører fleire tryggingstiltak

Hilde Onarheim

FLYTTAR IKKJE HUSET: – Strax-huset er kome for å bli der, seier helsebyråd Hilde Onarheim (H).

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Rusavhengige treng ikkje heile tida å få vite at dei er uønska. Men eg har forståing for at heimesjukepleiarane går to og to viss dei meiner det er naudsynt, seier leiar for Strax-huset, Hugo Torjussen.

Helsebyråd Hilde Onarheim meiner tiltaka heimesjukepleia gjer er bra.

– Strax-huset er kome for å bli der. Så vi må jo berre sikre at det blir bra for alle partar. Då er det viktig at våre tilsette opplever tryggleik, og det at ein då går to og to er viktig, seier Onarheim.

Heimesjukepleia i Laksevåg ønskjer no å sende med sine tilsette tryggleiksalarm kopla til eit vaktselskap ut på oppdrag i området kring Straxhuset på Laksevåg i Bergen.

– Slike alarmar er utprøvd i Sandviken og me håpar å få desse til Laksevåg, seier Skår.