– Væpna politi gjer at eg kjenner meg tryggare

Nordmenn har både før og etter 22. juli vore villige til å godta ganske drastiske tiltak mot terror, seier forskar Per Lægreid.

væpna politi

IKKJE UROA AV VÆPNA POLITI: Forskar Per Lægreid seier at medan ein i andre land kan bli oppleve å bli uroa av væpna politi i gatene, kjenner dei fleste nordmenn seg berre tryggare.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Professor Per Legreid, Universitet i Bergen

TYPISK NORDMENN: Professor Per Lægreid meiner det er typisk nordmenn å stole på staten.

Foto: Christinge Kongshavn / NRK

I går varsla Politiet si tryggingsteneste (PST) om at nokon skal ha konkrete terrorplanar mot Noreg. Politiet har heva beredskapen i heile landet, og folk vil kunne sjå fleire og væpna politi på flyplassar, togstasjonar, busstasjonar og i gatene.

– At dei har auka beredskapen gjer at eg kjenner meg tryggare, seier ein av dei besøkande på seglskutearrangementet Tall Ships Races i Bergen, som NRK snakka med i går.

At væpna politi gjer at me kjenner oss trygge overraskar ikkje professor Per Lægreid ved Universitetet i Bergen.

– Det er svært typisk at nordmenn stolar på at staten hjelper og vernar oss, seier professor Per Lægreid.

– Både før og etter 22. juli-terroren for tre år sidan er mange nordmenn villige til å godta omfattande tiltak mot terror.

– Typisk nordmenn å stole på staten

Geir Gudmundsen

SKAL DELTA: Politimeister Geir Gudmundsen i Hordaland politidistrikt skal delta under Tall Ships Races 2014.

Dei fleste av dei NRK snakka med på Bryggen i Bergen i går var glade for at det er væpna politi i gatene under Tall Ships Races i Bergen.

Forskar Per Lægreid seier at medan ein i andre land kan bli oppleve å bli uroa av væpna politi i gatene, kjenner dei fleste nordmenn seg berre tryggare.

Mange godtar metodar som hemmeleg telefonavlytting, ransaking på open gate, og til og med fengsling utan lov og dom, ifølge haldningsstudium Lægreid har gjort.

– Folk har stor tillit til myndigheitene i Noreg. Studia synte at folk stolar på at politiet og myndigheitene vil dei det beste.

Per Lægreid, forskar ved UiB

– Folk har stor tillit til myndigheitene i Noreg. Studia synte at folk stolar på at politiet og myndigheitene vil dei det beste.

– Er det paradoksalt at nordmenn så lett godtek væpna politi i gatene når me ikkje er vande med det?

– Eg trur det reflekterer ein generell haldning om at myndigheitene er til å stole på. Folk er stort sett glad i staten sin, og trur at den kan løyse dei problema ein står overfor, seier Lægreid.

Let seg ikkje skremme

Jan Oskar Engene

IKKJE SKREMT: Terrorforskar Jan Oskar Engene har ingen planar om å gå glipp av Tall Ships Races, på grunn av terrortrusselen mot Noreg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Terrorforskar Jan Oskar Engene er heller ikkje redd for å våge seg ned i Bergen sentrum for å få med seg Tall Ships Races.

– Eg skal ned på seglskutene straks. Eg let meg ikkje skremme av dette.

– Trur du folk flest kjenner seg tryggare når dei har væpna politi rundt seg?

– Det kan virke tryggande på folk. Samtidig så kan jo det å gå ut på denne også verke skremmande. Spesielt når myndigheitene kan opplyse om så lite om kva trusselen eigentleg går ut på, seier Engene.

Politimeister Geir Gudmundsen har heller ikkje planar om å gå glipp av folkefesten i Bergen sentrum denne helga.

– For eigen del kjem eg til å delta aktivt under Tall Ships races, og kjenne ringa frykt for å gjere det, seier Gudmundsen.

Synleg politi i gatene under The Tall Ships Races

SYNLEG POLITI: Under The Tall Ships Races i Bergen, er politiet synleg i gatene.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Søk i valresultata

valg-dekorasjon