NRK Meny
Normal

Kjempar med nål og saks mot nedlegging

ÅRSTAD (NRK): Ola Velure (19) kan verta ein av dei siste skreddarane som vert utdanna i Noregs nest største by. Dei tradisjonsrike handverksutdanningane er under press i heile landet.

Ola Velure (19) er kan vera ein av dei siste hordalendingane som får fullføra skreddarutdanning.

KRITISK TIL KUTT: Ola Velure (19) er fast bestemt på at det finst ei framtid for dei tradisjonelle handverksfaga.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– For meg er det viktig å læra det klassiske handverket, seier Ola Velure, medan han klipper, syr og strekkjer i ullstoffet som skal verta til ein skreddarsydd dressjakke.

19-åringen ved Årstad videregåande skole kan verta ein av dei aller siste herreskreddarane som vert utdanna ved ein offentleg norsk skule.

Torsdag skal fylkesutvalet i Hordaland ta stilling til om dei skal leggja ned det siste tilbodet innan tekstil og design.

Berre ein ny herreskreddar på tre år

Det er ikkje berre i Hordaland trenden er negativ for dei tradisjonelle tekstilhandverksfaga. Talet på elevar har vorte redusert dei siste tre åra. Ifølgje Utdanningsdirektoratet vart talet på sveinebrev innan kjole- og draktsyarfaget redusert frå 37 i 2014 til berre 17 i 2016.

I treårsperioden mellom 2014 og 2016 vart det berre eitt godkjend sveinebrev innan Ola Velure sitt fagfelt; herreskreddarfaget.

Lærar ved Årstad vidaregåande, Bjørg Nelly Fagerli, meiner likevel det er historielaust å leggja ned dei tradisjonsrike fagretningane.

– Det er tragisk. Så godt som alle kjem ut i arbeid. Eg trur ikkje dei som bestemmer dette veit kva med driv med, seier ho.

Lærar Bjørg Nelly Fagerli leitar etter rett tråd i sysalen på Årstad vidaregåande skule.

LEITAR ETTER TRÅD: Faglærar Bjørg Nelly Fagerli ser gjennom rullane med fargerik tråd. Ho har slettes ikkje sansen for forslaget om å legga ned skreddarfaga.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Vurderer å flytta til Stavanger

Forslaget går ut på å leggja ned fagområdet tekstil og design, som er utgangspunktet for ei rekkje klassiske handverksfag (sjå faktaboks).

– Eg synest det er forferdeleg, sukkar førsteklassing Annelen Gjerstad.

Om fagtilbodet vert nedlagt, vert Stavanger den nærmaste byen som tilbyr det som skal til for å oppnå draumen om å verta klesdesignar.

– Eg vurderer jo å flytta, sjølv om eg ikkje har lyst, fortel 17-åringen.

Annelen Gjerstad (17) vurderer å flytta til Stavanger for å oppnå draumen om å verta klesdesignar.

KAN MÅTTE FLYTTA: Annelen Gjerstad hadde planen klar. Om syopplæringa vert nedlagt, vurderer ho å flytta frå heimbyen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ingen læreplassar

Det er mangel på læreplassar som gjer at fylkesadministrasjonen i Hordaland vil leggja ned det tradisjonsrike tilbodet.

– Skal me ha utdanningar innan yrkesfaga, må det vera læreplassar. I tillegg ser me her at det er snakk om ein særs liten arbeidsmarknad, seier fagopplæringssjef Torbjørn Mjelstad.

Mangelen på læreplassar gjer at elevane går fire år på skule før dei endar opp med sveinebrev. Det gjer opplæringstilbodet kostbart for fylkeskommunen.

I slutten av november gjekk eit samla opplæringsutval i Hordaland inn for å leggja ned fagtilbodet.

– Når det ikkje finst læreplassar, er det vanskeleg å forsvara eit relativt dyrt tilbod til få elevar, seier utvalsleiar Emil Gadolin (Ap).

Frir til staten

Han registrerer likevel protestane, og seier at politikarane vil leita etter alternative løysingar før det endelege vedtaket torsdag.

– Eit alternativ kan vera at me prøver å få til ei landslinje, der staten stiller opp med pengar, seier Gadolin.

Ola Velure har eit halvt år att, før han håpar å stå med det eksklusive sveinebrevet i handa. 19-åringen håpar andre skal få det same tilbodet.

– Dette er trist. Når stadig fleire får auga opp for berekraft og redesign, er det vanskeleg å forstå at dette ikkje skal ha ei framtid, seier han.

Ola Velure (19) viser fram ein av dressjakkane han har laga.

KLASSISKE DRESSAR: Ola Velure (19) viser fram ein av dressane han har sydd. No kan det vera slutt på at unge hordalendingar får opplæring i det klassiske handverket.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017