NRK Meny

Kjempar for maritim skule

Elevar og lærarar er redd for at heile utdanninga til maritime yrke skal grunnstøyte når vidaregåande utdanning vert flytta til Laksevåg.

Maritime vgs

USTØ KURS: Med skipssimulatoren manøvrerer Johanne Neteland og Peder Mæland seg inn mellom supplyskip og fritidsbåtar i Vågen i Bergen.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

Med skipssimulatoren manøvrerer Johanne Neteland og Peder Mæland seg inn mellom supplyskip og fritidsbåtar i Vågen i Bergen. Eigentleg er dei i lokala til Bergen Maritime på Nygård.

Kursen er ikkje som den skal, noterer dei seg.

– Det er bra vi får prøve og feile, seier Neteland til NRK.

Må flytta

Sjølv om dei to er elevar på vidaregåande skule, får dei nyta godt av utstyret til fagskulen som held til i same bygg.

Når skulebruksplanen for dei vidaregåande skulane i Hordaland skal opp i fylkestinget i oktober, kan det vera slutt på sameksistensen. Utstyr som til dømes simulatorar vil ikkje elevane få tilgang på viss den vidaregåande utdanninga flyttar til Laksevåg.

– Vi fryktar at vi skal bryta opp fagmiljøet vi har bygd opp her, seier Jan Kåre Greve, konstituert rektor ved både den vidaregåande skulen og fagskulen på Bergen maritime.

Fleirtalet i fylkeskommunen går inn for å flytta den vidaregåande utdanninga til Laksevåg vidaregåande. Greve meiner det vil svekka både den vidaregåande skulen og fagskulen.

– Problemet vil vera tilgang på utstyr. Då må elevane inn her. Det vil svekka utdanninga, og dermed rekrutteringa til fagutdanninga, trur Greve.

maritim2

BEKYMRA: – Vi fryktar at vi skal bryta opp fagmiljøet vi har bygd opp her, seier Jan Kåre Greve, konstituert rektor ved både den vidaregåande skulen og fagskulen på Bergen maritime.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

– Aldri intensjonen

Eigentleg vedtok eit samla fylkesting i oktober i fjor at den vidaregåande skulen måtte flytta. Då vart det vedtatt at fagskulane, som tilbyr toårig yrkesretta utdanning til dei som er ferdig på vidaregåande, skal samlokaliserast der Bergen maritime er i dag.

I den politiske saka som var oppe i fylkestinget i siste møte før maktskiftet i fjor haust, var klokkeklar på at samling av fagskulane betydde at den vidaregåande skulen måtte ut av bygget: "Alternativet føreset at Bergen maritime videregående skole vert flytta ut".

– Det var aldri intensjonen at vi skulle flytta den vidaregåande delen, seier Christer Lilleskare Olsen, skulepolitisk talsmann i Høgre.

amritime

VIL SNU: Christer Lilleskare Olsen, skulepolitisk talsmann i Høgre.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

Han fryktar uansett at det er ein dårleg idé å flytta den vidaregåande skulen, og han ber fleirtalspartia Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og SV om å snu.

– Det er så utruleg viktig. Mange interessentar har sagt at viss dette blir lagt ned, vil fagskulen etter kvart forsvinne. Vi vil framleis slå saman fagskulane, men ikkje på bekostning av den vidaregåande delen, seier Olsen.

Ap overraska

Roald Kvamme, gruppeleiar for Arbeidarpartiet på fylkestinget, er overraska over at Høgre no kjempar mot at Bergen maritime vert lagt ned, og at fagtilboda vert flytta.

– Fagskulane skal samlast, då er det ikkje plass til dei maritime vidaregåande elevane. Men den vidaregåande delen skal vidareførast, seier han.

Kvamme fryktar ikkje at utdanninga av nye sjøfolk og oljearbeidarar vert svekka.

I skipssimulatoren på Bergen maritime er dei to vidaregåandeelevane i ferd med å gå på grunn.

Elevane fryktar at opplæringa vert svekka viss ikkje elevane på den vidaregåande skulen og studentane på fagskulen får dra veksel på kvarandre.

– Vi har óg ein fordel av at lærarane jobbar både på fagskulen og på vidaregåande, slik at vi får hjelp av dei beste lærekreftene, seier Neteland.

Siste video

Fleire sterke historiar i Vestlandsrevyen fredag: Dei som kom først til ulukkesstaden ved Turøy, russen som var nær ved å døy etter russebuss-ulukka og mannen som har intervjua bestefaren og vil laga film om Telavåg-tragedien. Programleiar: Jan Børge Leirvik.
I slutten av april 1942 inntok nazistene og brant ned Telavåg. Se NRKs reportasje fra 60-årsmarkeringen i 2002.
Grov trussel mot byråd i Bergen, strid om ny mobbelov og ikkje alle verksemder deler ny optimisme i næringslivet. I denne Vestlandsrevyen spør programleiar Jan Børge Leirvik óg om russen var så mykje betre før.