Hopp til innhold

Herstad vil bli ordførar i Stord

Harry Herstad vil prøva å sikra seg ordførarkjedet i Stord kommune.

Harry Herstad

Harry Herstad (Ap) opplever framgang for sitt parti, og vil prøva å bli ordførar i Stord kommune.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Liv Kari Eskeland

Liv Kari Eskeland (H) håpar å få halda fram som ordførar etter eit svært godt val for Høgre.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Høgre-vinden bles også over Stord, og den sitjande koalisjonen med Høgre-ordførar Liv Kari Eskeland i førarsetet har framleis fleirtal.

Her er alle resultata frå Stord.

– Kjemperesultat

– Vi har fått eit kjemperesultat, og dagens koalisjon har eit knapt fleirtal, seier Liv Kari Eskeland, som håpar å bli sitjande som ordførar.

Dagens fleirtalskoalisjon består av Høgre, Senterpartiet, KrF, Venstre og Demokratane.

Men utfordrar Harry Herstad i Arbeidar-partiet vil også fri til sentrumspartia, etter at partiet hans har fått to mandat meir enn ved forrige kommuneval.

– Resultatet gjev eit betre grunnlag for å snakka saman. Eg har ikkje gitt opp, seier Herstad.

Sentrumspartia avgjer

Løysinga ligg hos sentrumspartia.

– Vi kan samarbeida begge vegar. Dette må vi diskutera no, seier ordførarkandidat Jakob Bjelland i Senterpartiet.

Resultatet av forhandlingane blir truleg tidlegast klart i føremiddag.

Her er alle resultata frå Hordaland