NRK Meny
Normal

No kjem han med store nyheiter om E16

Samferdsleministeren og næringsministeren møter pressen i ettermiddag. NRK får bekrefta at det dreier seg om E16 og Bergensbanen.

Stendal, Solvik-Olsen, Mæland og Eidsnes

SJÅ DIREKTE: Lars Christian Stendahl fra Jernbaneverket, samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen, næringsminister Monica Mæland og regionvegsjef Helge Eidsnes under pressekonferansen.

I ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet blir pressen invitert til å møte samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) og næringsminister Monica Mæland (H) ved Jernbaneverkets kontorrigg i Arna i Bergen.

SISTE: På møtet presenterte ministerne planene for ny E16 og jernbane mellom Arna og Voss.

Med andre ord kjem det høgst truleg ei avgjerd om ny trasé for E16 og Bergensbanen mellom Arna og Voss. Pressetreffet byrjar klokka 14.20.

Ventetida er over. Me er veldig spent på kva denne dagen vil bringa.

Hans Erik Ringkjøb, ordførar på Voss

Har lova avgjerd før jul

Samferdselsministeren har fleire store saker på bordet for tida. Han har lova ei avgjerd eller ei avklaring i alle sakene før jul.

  • Traséval E16 og Bergensbanen
  • Hovudvegar mellom aust og vest
  • Utgreiing frå Jernbaneverket om plassering av ny godsterminal i Bergen

Det er pressekonferanse om sistnemnde sak klokka 16.00, også den sender NRK direkte.

Solvik-Olsen har vitja E16 fleire gonger i si tid som statsråd. I vår møtte han lokalbefolkninga i Vaksdal, etter at to jordras feia over både Bergensbanen og europavegen i kommunen.

Tog på Bergensbanen treft av jordras i Vaksdal

Fleire jordras trefte E16 og Bergensbanen i vår. Voss-ordførar Hans Erik Ringkjøb sat sjølv på passasjertoget som køyrde inn i raset.

Foto: Hans-Erik Ringkjøb / 03030-tipsar

Fem alternativ

Samferdsledepartementet har teke imot fleire utgreiingar om kva som kan gjerast på den ras- og ulukkesutsette vegen mellom Bergen og Voss.

Allereie i 2014 leverte Jernbaneverket ei anbefaling om å utbetre både vegen og jernbana.

I ei tilleggsutgreiing i haust heldt dei fast på det sokalla K5-alternativet, som betyr å legga veg og bane gjennom åtte nye tunnelar mellom Arna og Voss.

Prislappen ligg på 33 milliardar kroner.

Kart over ny E16 K5-alternativet

Blir det den dyraste løysinga? 'Alle' er samde om at det sokalla K5-alternativet er det beste for veg og jernbana mellom Bergen og Voss. Men prislappen er høg.

Foto: Statens vegvesen

Spent

– Ventetida er over. Me er veldig spent på kva denne dagen vil bringa, seier Voss-ordførar Hans Erik Ringkjøb (Ap) til NRK.

Han håpar samferdsledepartementet har bestemt seg for den dyraste løysinga.

– Dei andre alternativa løyser ikkje problema. K5-alternativet er best fordi vegløysinga skal halde i både 50 og 100 år til. I tillegg har det kome signal om trinnvis utbygging, og då håpar eg at dei seier første trinn er mellom Arna og Stanghelle.

Sidan 2003 har det gått over 200 ras på strekningen, ifølge Vegvesenet. Mellom 2005 og 2012 mista 19 personar livet på vegen.

Eirik Haga, Henning Warloe og Hans Erik Ringkjøb

Vaksdal-ordførar Eirik Haga (Ap), Henning Warloe (H) og Hans Erik Ringkjøb (Ap) har alle engasjert seg i saka om ny og tryggare E16 og Vossabane. Her frå synfaringa saman med samferdsleministeren i Vaksdal i vår.

Foto: Jon Bolstad / NRK