Hopp til innhold

Kjem frå heile verda for å læra seg hardingfela

Interessa for fiolinvarianten når langt utover dei norske grensene. – Eit nydeleg instrument, seier Emy Sekai frå Japan.

Interessa for fiolinvarianten når langt utover dei norske grensene. – Eit nydeleg instrument, seier Emy Sekai frå Japan.

SJÅ VIDEO: Den første internasjonale masterclassen i hardingfele vart arrangert i Granvin i haust.

– Hardingfela har livets rett. Skal berre sjå no at ho erobrar heile verda, smiler fylkesmusikar Frank Rolland. I Granvin i Hardanger har han denne hausten halde master class om den spesielle fiolintypen.

Då NRK er på vitjing har han deltakarar frå Japan, USA, England og Shetland. Rolland gir dei ei grundig innføring i det som blir rekna som Noreg sitt nasjonalinstrument.

Eksklusivt

Dei engasjerte elevane som er på besøke er fiolinspelarar frå heile verda. Dei har ei djup interesse for instrumentet og vil helst læra så mykje som mogleg på den korte veka kurset varar.

Og det er ikkje kven som helst som får delta på kurs med Frank Rolland og Knut Hamre.

– Det er eksklusivt dette. Deltakarane har sendt inn tre slåttar på førehand. Vi har vurdert alle, forklarar Rolland.

Auka interesse

Hardingfela skil seg ut ved at den i tillegg til dei fire overstrengane, har 4–5 resonansstrengar som ligg under. Det gir ein heilt spesiell klang, men det betyr også ein heil del med stemming før ein kan byrja å spela.

– Viss du har spelt fela i 50 år, så har du stemt i 25 år. Slik er det berre, spøkar Rolland.

Det har vore ei auka interesse for hardingfela, og den har nådd langt utover landegrensene. Master Class Hardanger vart gjennomført første gong i 2013, med ti deltakarar frå Hordaland.

Men i år var det første gong at deltakarar frå utlandet også kunne søkje. Kurset er eit tilbod i regi av Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss museum.

– Eit nydeleg instrument

Kursdeltakarane er svært begeistra over den spesielle fiolinen.

– Lyden er nydeleg og utsjånaden er nydeleg, seier Emy Sekai frå Japan.

– Den kjennest god å spela på. Den har sitt eige liv! Instrumentet er veldig spesielt, seier Vilde Aaslid frå USA.

Cathy Gelard frå Shetland legg ikkje skjul på at hardangerfela kan vera eit vanskeleg instrument å handtera. Nettopp derfor søkte ho seg til Granvin og kurset. For den tradisjonelle musikken må lærast ved å sjå og lytta.

– Her får eg verkeleg bryna meg, men vi får eit ordentleg innblikk i instrumentet. Vi får sjå kva ein gjer på nært hald.