NRK Meny
Normal

Kjedekollisjon på Ågotnes

Naudetatane rykka ut etter at fire bilar har kollidert på Maggevarden i Ågotnes i Fjell.

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 14.00 laurdag.

Fire bilar kolliderte ved avkøyrselen til Maggevarden på fylkesveg 561, noko som har skapt litt trafikkproblem på staden.

Politiet opplyser at det berre er snakk om lettare personskadar i ulukka.

Trafikken blei først dirigert på staden, men klokka 14.50 opplyser politiet at vegen er heilt rydda etter ulukka.

– Klarte ikkje stanse

Operasjonsleiar Morten Kronen i politiet fortel at det var bilane bak som ikkje klarte å stanse for ein bil som skulle ta av til Maggevarden.

– Han skulle svinge av til venstre frå hovudvegen, då dei bak ikkje rakk å stanse. Då vart det ein liten smell, og det gjekk utover han fremste, seier Kronen.

Han har ikkje fått detaljane om kva som har skjedd i kollisjonen, men den fremste bilisten skal ha gjeve teikn til at han skulle svinge av.

– Uansett skal man halde så god avstand til bilistar framfor at man klarer å stoppe om bilen framfor stopper, seier Kronen til NRK.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Aarebrot bisatt i fullsatt Korskirken