Hopp til innhold

– Vi kjente eit kraftig smell

Åtte bilar kolliderte på riksveg 7 på Hardangervidda onsdag ettermiddag. – Eg kom ut av snøføyken og plutseleg stod fleire bilar framfor meg, seier Joachim Egenberg.

Kjedekollisjon på Hardangervidda

MATERIELLE SKADER: Fleire bilar fekk materielle skader i samanstøyten.

Foto: 03030-tipser

Han var sjåfør i ein av bilane som hamna i kjedekollisjonen på Hardangervidda i ettermiddag. Meldinga om ulukka kom inn til naudetatane klokka 15.35.

– Vi køyrde i kolonna som normalt og hadde god sikt. Så kom det ei snøføyk som sperra for sikten. Når vi kom ut av den, stod det fleire bilar i vegbana på kryss og tvers rett framfor oss. Eg hogg i bremsen, seier Joachim Egenberg til NRK.

– Heilt Texas

Han klarte å unngå å treffa bilane framfor, men bak Egenberg kom det fleire bilar.

– Vi kjente eit kraftig smell då vi vart trefte av bilane bakfrå. Bagasjerommet mitt er blitt mykje mindre og bakruta knuste. Bilen er øydelagd. Heldigvis kom ingen til skade.

Egenberg fortel at folk gjekk ut av bilane og at det i ein periode var kaotisk.

– Det var heilt Texas. Folk sprang ut av bilane for å sjekke at det gjekk bra med alle. Etter kvart kom mannskapet frå brøytebilane og fekk roa alle ned.

Kjedekollisjon på Hardangervidda

20 personar i åtte bilar var involverte.

Foto: 03030-tipser

Materielle skadar

Skader etter kjedekollisjon på Hardangervidda

TRØKK: Bilen til Joachim Egenberg fekk seg ein solid trøkk.

Foto: 03030-tipser

Naudetatane på staden fekk raskt stadfesta at ingen kom til skade i kjedekollisjonen. Mange av bilane hadde fått omfattande skadar slik at dei ikkje kunne køyre vidare. Bergingsbil frakta bilane til ein parkeringsplass like ved, medan ein maxitaxi tok dei involvert med til Haugastøl.

For Egenberg vart det ein lei slutt på påskeferien.

– Vi har vore på Geilo og var på veg heim. No blir tog til Bergen i staden for.

Opna for kolonnekøyring

Før smellen var det lang ventetid på riksveg 7 på grunn av kolonnekøyring. No har det vore stengt i fleire timar.

Klokka 18.00 opplyser Statens vegvesen at Hardangervidda er opna for kolonnekøyring igjen.

– Eg vil ikkje anbefala noko å køyre opp på Hardangervidda no. Då er det betre å velje ein av dei andre fjellovergangane mellom aust og vest, seier trafikkoperatør Stian Rosnes til NRK.