Kjedekollisjon i Hardangerveien

Naudetatane har rykka ut til nye Hardangerveien på Midttun etter at tre bilar har kollidert.

Kollisjon midtun

KJEDEKOLLISJON: Det var tre bilar involvert i ulukka på Midttun onsdag ettermiddag. Ingen av dei involverte har fått alvorlege skadar.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Politiet fekk melding om ulukka like ved Nesttun i Bergen klokka 12.20.

– Kollisjonen skal ha skjedd like ved Frielefabrikken, retning Midttun. Det var tre bilar involvert i ulukka, seier Jan Steimler ved politiets operasjonssentral.

Alle dei involverte skal ha kome seg ut av bilane og ifølgje politiet skal ingen av dei involverte ha fått alvorlege skadar.

–Den eine bilen har fått sopass store materielle skadar at den treng tauing. Vegen er sperra medan me ventar på å få bilen vekk frå staden, seier Steimler.

Klokka 13.00 er vegen open for fri ferdsel.

Siste video

Bergen stasjon, eller Jernbanestasjonen? Sterke meiningar i Vestlandsrevyen i dag. Her kan du også sjå at Bergen kommune vil ha folkedugnad mot bygningsforfall, og flyktningar slit med einsemd. 
Programleiar Jan Børge Leirvik.
På nytt vekker gatekunstner AFK oppsikt. Nå har han malt det som trolig er landets lengste «street art», laget av en enkelt kunstner.
Se 10. klassene fra Ortun og Kinsarvik kjempe om å vinne fylkesfinalen i Klassequiz!