Hopp til innhold

Kim Ojo seld til Genk

Kim Ojo signerte måndag ettermiddag avtale med den belgiske eliteserieklubben Genk.

Ojo

Kim Ojo er klar for den belgiske eliteserieklubben Genk.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Brann og Genk er no einige om overgang for Kim Ojo. Det melder Brann på nettsidene sine måndag kveld.

Då Brann i går møtte Vard Haugesund til treningskamp var ikkje Ojo med. Han hadde då reist til Belgia for å bli einig med Genk, opplyser Brann. I dag blei 24-åringen sin personlege avtale ferdigforhandla og Ojo har også gjennomført ein medisinsk test.

Kim Ojo sin kontrakt med Brann gjaldt ut 2013-sesongen. Den nye avtalen han no har inngått er på tre og eit halvt år. I løpet av tida som Brann-spelar har Ojo scora 33 mål på 69 kampar.

Verken Brann eller Genk vil seia noko om kva overgangen er verdt. Brann opplyser at Kim Ojo kom gratis då han kom til Brann frå Nybergsund-Trysil for to år sidan, og at det betyr at Brann vil sitta igjen med økonomisk gevinst etter salet.

Ifølgje BA.no er overgangssummen på i overkant av åtte millionar kroner.

– Mest verdifulle spelaren målt i scoringar

Allereie i november såg det ut til at Ojo ville bli Genk-spelar, då Brann og Genk blei einige om formalitetane rundt ein eventuell overgang, men Kim Ojo sjølv sa då nei til overgang .

Brann-trener Rune Skarsfjord

Brann-trenar Rune Skarsfjord ønskjer Ojo lukke til vidare.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Sist veke kom Ojo med tydeleg kritikk av Brann-leiinga og han sa då at han ikkje kunne spela for Brann lenger. I dag blei det altså klart at han skiftar klubb.

– Kim kom til Bergen frå Adeccoligaen og han leverte to strålande sesongar for oss, der han begge åra har vore serien sin mest verdifulle spelar målt i antall scoringar og målgivande pasningar, seier Brann-trenar Rune Skarsfjord til Brann.no.

Skarsfjord meiner Brann har mykje å takka Ojo for og han ønskjer 24-åringen lukke til vidare.