Hopp til innhold

Thore skulle berre på butikken – etter handleturen hadde vegen blitt ei elv

Kraftig regnvêr førte til flaum, stengde vegar og lange køar i Bergen laurdag. Brannvesenet ber folk stålsetja seg for sundagen.

Masse regn lammet biltrafikken flere steder i Hordaland. Se hva Thore Rønhovde opplevde under E16. FOTO: Thore Rønhovde.

ELV: Slik såg det ut i undergrunnen under E16 på Gaupås. Thore Rønhovde kom seg så vidt tørrskodd gjennom.

– Eg tok ikkje sjansen på å køyra i midten, og svinga opp på fortauet. Det må ha vore godt over ein halvmeter djupt, seier Thore Rønhovde til NRK.

Kona tok fram telefonen då han køyrde gjennom undergrunnen under E16 på Gaupås, mellom Bergen og Arna laurdag ettermiddag.

Rønhovde skulle berre ein kjapp tur på butikken. Då han kom tilbake, hadde heile undergrunnen fylt seg opp. I det Rønhovde køyrde forbi, måtte ein bilist hjelpast ut av dammen av bergingsbil.

– Eg har fleire bilar, men eg er glad eg tok ein med litt høgde. Akkurat her har det ein tendens til å fylla seg opp ved kraftig regn.

Søndagen blir også våt på Vestlandet. Få med deg værvarselet til statsmeteorolog Siri Wiberg her.

Søndagen blir også våt på Vestlandet. Få med deg værvarselet til statsmeteorolog Siri Wiberg her.

Ventar kraftig regn sundag

Og kraftig regn blei det. Den første halvdelen av laurdagen har det ifølge meteorologane kome mellom 70–100 mm med regn.

Fredag åtvara meteorologane om stor flaumfare på deler av Vestlandet. I løpet av helga er det venta storm og rundt 180 millimeter nedbør på 48 timar.

Laurdag ettermiddag kapitulerte grøfter og kummar fleire stader i Bergen. Nedbørsmengdene trengde inn gjennom vegger og kjellarar og sette viktige innfartsårer under vatn.

I 17-tida byrja telefonen å kima hos brannvesenet.

– Me har køyrt frå oppdrag til oppdrag, og har hatt 20 oppdrag på to timar. Alt av mannskap har vore i sving, seier vaktkommandør ved 110-sentralen i Hordaland, Helge Lund.

Regnet trengde inn i bygg på mellom anna Eidsvågsneset, Paradis, Dreggsallmenningen og Koengen. I tillegg rykte brannvesenet på Askøy og Os ut.

– No gjer me oss klare for den varsla vinden i natt, seier Lund.

Kø fordi Lyderhorntunnelen er stengt

BOM STILLE: Tipsarar hevda at dei stod nærast bom stille i over ein time vestover frå Bergen.

Foto: Karla B. Fossåskaret

Kilometerlange køar inn mot Bergen

Fleire vegar vart også stengde laurdag ettermiddag. På riksveg 555 inn mot Bergen var det i fleire timar kilometerlange køar som følger av at Lyderhorntunnelen blei stengd.

Entreprenøren måtte til med slamsugar og forsøkte i over ein time å kvitta seg med dei store vassmengdene.

Ein tipsar opplyser til NRK at bilen sto tilnærma i ro i over ein time.

Laster Twitter-innhold

Også gjennom Damsgårdstunnelen på riksveg 555 var det lenge delvis stengd på grunn av vatn i vegbana. Det var også meldt om mykje vatn på E16 mellom Vågsbotn og Arna.

Rundt klokka 19 blei det også starta manuell dirigering på E39 ved Kalandsvatnet på grunn av vatn i vegbana.

I tillegg var Hamrevegen langs Kalandsvatnet heilt stengd.

Kø på rv. 555

KØKAOS: Lyderhorntunnelen på riksveg 555 i retning Bergen var stengd i fleire timar. Enkelte sto timevis i kø, får NRK opplyst.

Foto: Marit Stensby / NRK

Stille før stormen

Berre to timar før skreda av meldingar starta, melde brannvesenet at regnvêret så langt ikkje hadde skapt dei store utfordringane.

Men så small det.

– Me får inn mange meldingar på kort tid no. Dei fleste frå Bergen og Os. Folk oppdagar at vatn trenger inn gjennom vegger og opp gjennom golv, sa vaktkommandør Lund til NRK like før klokka 18 laurdag kveld.

Sundag er det igjen venta store nedbørsmengder. Brannvesenet håpar folk sørger for å igjen reinska kummar og grøfter for lauv og nedfall.

– Det er meldt godt med vind i natt og meir regn utover morgondagen, så det er grunn til å tru at det fylla seg opp også sundagen, seier Lund.

På toppen av Bellevue Bergen

REINSKAR OPP: Tilestte i Bydrift i Bergen reinskar grøfter og fjernar løv laurdag ettermiddag. Både i Bergen og Os har det trengt inn vatn i hus.

Foto: Marit Stensby / NRK