NRK Meny
Normal

– Køen løyser seg opp på E16

Kilometerlange køar har skapt trøbbel for bilistar på veg til Bergen.

Kø mot Bergen

LANG KØ PÅ E16: Trafikken har gått svært sakte inn mot Bergen søndag.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Søndag kveld har det vore lange køar på innfartsårene til Bergen. Det har gått svært sakte på E16 sørover frå Voss mot Bergen, og på fylkesveg 7 frå Kvamskogen til Trengereid.

Klokka 21.30 opplyser Statens vegvesen om at trafikken minkar, og at køane har byrja løyse seg opp.

– No er det greitt å køyre der. I alle fall på E 16, og på fylkesveg 7 ser det også mykje betre ut, seier vaktoperatør i Statens vegvesen, Kristian Fauskan.

– Mange som skal heim frå fjellet

Kø E16

E16: – Det er berre mange på vegen samtidig, seier vaktoperatør i Kristian Fauskan i Statens vegvesen.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Politiet har ikkje fått meldingar om spesielle hendingar i området.

– Det er nok berre mange som har vore i fjellet eller i skitrekka i dag. Me har jo hatt mykje snø, så det er sikkert mange som har vore og sett til hyttene sine også, seier operasjonsleiar og politiet, Morten Kronen.

Statens vegvesen følgjer også med på køen søndag.

– Det er mange som skal heim. Me har ikkje vegarbeid, ingen trafikkuhell. Me har hatt så dårleg vêr, så eg skjønnar godt at det var mange som ville ta seg ein tur på fjellet, seier Fauskan.

Laster Twitter-innhold

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.