Hopp til innhold

Kevin Daae Berland gravlagt i dag

Fullsatt kyrkje under gravferda i Herdla kirke på Askøy.

Video 95e6743c-6db5-483c-ba6e-74cabf15404c.jpg

Begravelse for Kevin Berland

Det var heilt fult i kyrkja då gravferda starta kl. 11. Det var også fleire som følgde seremonien frå utsida der det var sett opp høgtalarar.

Begravelse Berland 2

FULL KIRKE: Flere hundre møtte opp i gravferda til Kevin Daae Berland på Askøy i dag. Herdla kirke har plass til rundt 540 personar, og var heilt full.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Stortinget representert

Stortingsrepresentant Jette Christensen (Ap) og fungerande Askøy-ordførar Siv Høgtun (H) var blant dei som talte i kyrkja.

Prest Egil Hjortland omtalte 15-åringen som ein gut som alltid hadde dårleg tid, og som hadde mange framtidsplanar.

– Kevin var ressurssterk. Han hadde så mange planar, og ville så mykje. Ta utdanning, driva med politikk, reisa til utlandet som utvekslingsstudent, og mykje, mykje meir.

– Kevin var bunnsolid

Vener skildrar han som ein kjærleg person som alltid var god mot alle.

– Kamerater omtalar han som bunnsolid. Det var lett å bli glad i Kevin. Han var ein god ven, sa presten.

Kevin Daae Berland var 15 år, og aktiv i AUF frå han starta på ungdomsskulen . Han var også med i Ungdommens kommunestyre og dreiv med orientering i Askøy O-lag.


Begravelse Berland

AKTIV: Kevin Daae Berland var aktiv i Ungdommens kommunestyre og i orientering.

Foto: Kjetil Rydland