NRK Meny
Normal

Kevin Daae Berland (15)

Kevin Daae Berland (15) frå Askøy døydde i skytetragedien på Utøya 22.juli.

Kevin Daae Berland
Foto: Privat

Han var aktiv i Askøy AUF og dreiv med orientering i Askøy O-lag.

Han var elev ved Ravnanger ungdomsskule og skulle til hausten byrja i 10. klasse. Han blei med i AUF då han starta på ungdomsskulen.

Daae Berland var også lokalpolitisk engasjert og medlem i Ungdommens kommunestyre (UKS) for inneverande år. I same organ hadde han verv i Arbeidsutvalet.

Vener skildrar Kevin som ein kjærleg person som alltid var god mot alle.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås