Hopp til innhold

Skulle melde frå om valdtekt – enda opp med å politimelde eit ran

Få menn drar til eit overgrepsmottak etter at dei har blitt valdtekne. – Eg visste ikkje at tilbodet også var for menn, seier Kent Are Johansson.

Kent Are Johansson

OPPLEVDE Å BLI VALDTEKEN: Kent Are Johansson fortel at han blei valdteken og rana av ein annan mann i 2011. Han meiner det er eit større stigma for menn å fortelje om slike opplevingar.

Foto: Nadir Alam / NRK

Ein kveld i 2011 er Kent Are Johansson (39) ute på byen i Oslo med tidlegare kollegaer.

Då utestaden var i ferd med å stenge skulle han eigentleg bli med på eit nachspiel, men kollegaene var reist av garde då Kent kom tilbake frå toalettet.

– Denne kvelden utvikla seg til å bli ein av dei jævligaste i livet mitt.

Johansson hugsar svært lite frå denne kvelden. Han har mistanke om at han har blitt dopa ned ved at nokon har putta noko i drinken hans.

Ein taxisjåfør dultar borti han utanfor blokka han bur i. Ein annan mann er også passasjer i taxien.

Den mannlege medpassasjeren gir uttrykk for at han skal bli med inn.

Så går alt i svart.

Det neste han hugsar er at han opplevde å bli valdteken.

– Eg prøver å dytte han vekk, men det går ikkje.

Neste morgon er mannen borte. Leilegheita er endevent. Datamaskin, mobil og andre verdisaker er stole.

Få menn oppsøker overgrepsmottak

39-åringen oppsøkte aldri eit overgrepsmottak etter det som skjedde. Det er han ikkje aleine om.

Ei kartlegging NRK har gjort syner at av dei som har besøkt eit overgrepsmottak frå 2015 til og med 2017, var berre 4,9 prosent av dei menn.

Overgrepsmottaket i Oslo, som har hatt størst pågang kvart år, hadde ikkje tilgjengeleg statistikk for 2015, noko som er årsaka til eit lågare tal samla for dette året.

Dei fleste overgrepsmottaka opplever ei auke i talet valdtektspasientar til mottaket. Berre i Bergen har talet pasientar auka med over 50 prosent dei siste tre åra.

Men det er i størst grad altså kvinnene som står for auken.

– Det er nok meir tabubelagt for menn å søke hjelp etter ei valdtekt. Vi trur det er mørketal for både kvinner og menn, seier forskar og psykologspesialist Grethe Johnsen ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (NKLM) ved NORCE.

Kent Are Johansson meiner også at mørketala er store.

– Veldig mange menn tar med seg hemmelegheitene sine gjennom heile livet og til slutt til grava.

– Må rette seg mot menn

Grethe Johnsen har jobba med å kartlegge overgrepsmottaka i Noreg.

I mai 2013 vedtok Stortinget at overgrepsmottaka skulle bli organisert i spesialisthelsetenesta. Omorganiseringa tredde i kraft i 2016.

I ein rapport frå 2017 kjem det fram at overgrepsmottaka må bli betre integrert for menn. Det blir mellom anna blir diskutert om mottak plassert på gynekologiske avdelingar gir eit likeverdig tilbod for menn.

– Ein bør profilere seg i større grad ovanfor menn. Valdtekt har vore mykje framme i media, men då har fokuset vore på kvinner, seier Johnsen.

Grethe Johnsen, NORCE

MÅ HA BETRE SYNLEGGJERING: Forskar og psykologspesialist Grethe Johnsen meiner overgrepsmottak må synleggjere seg betre for menn.

Foto: PRIVAT

Ho trur menn fryktar stigmatisering i større grad enn kvinner etter eit overgrep.

– Både menn og kvinner har barrierar mot å søke hjelp etter valdtekt. Menn kan vere redd for å ikkje bli trudd og for ikkje å bli møtt på ein god måte.

Johnsen legg til at det kan vere at mange menn kanskje ikkje kjenner til helsetilbodet, og at nokon også er redde for å bli oppfatta som svake.

Politimelde eit ran

Kent Are Johansson gjekk til politiet dagen etter det han opplevde i 2011. Men det gjekk ikkje heilt slik han hadde tenkt.

Han forklarte at han hadde blitt rana i eigen bustad, og at det hadde skjedd ei seksuell handling medan han var dopa.

– Eg kom til politiet med bevis på kroppen, og ein urørt leilegheit full av bevis etter hendinga. Men ho som møtte meg kopla ikkje seksuell handling og at eg var blitt dopa ned til at det var ufrivillig.

Full i skam over det som har skjedd, endar Johansson opp med å skrive under ei politimelding om at han er blitt rana.

Politiet fortel til NRK at dei berre kan uttale seg generelt om hendinga som skjedde for sju år sidan.

– Det er viktig at også menn melder valdtekt. Vi har forståing for at dette er vanskeleg å snakke om, men vi legg vekt på at dei som gjer avhøyr i slike saker har spesialkompetanse, seier pressesjef Unni Grøndal i Oslo politidistrikt.

Vil hjelpe andre

– Eg drog til politiet fordi eg stolte på at dei ville ta meg på alvor. I dag angrar eg på at eg ikkje drog til overgrepsmottaket, som eg no veit er for både menn og kvinner, fortel Johansson.

To år etter hendinga oppsøkte han Dixi Ressurssenter for valdtekne, der han har fått snakke ut om det han opplevde. Der hjelpte ein bistandsadvokat han med å melde valdtekta.

Kent Are Johansson

VIL HJELPE ANDRE: Kent Are Johansson fortel om opplevinga si, fordi han vil hjelpe andre som hamnar i same situasjon.

Foto: Nadir Alam / NRK

Både ranet og valdtekta blei lagt vekk av politiet. Ranet grunna for lite ressursar til å etterforske, og valdtekta på bevisets stilling.

Grunna psykiske lidingar etter opplevinga, klarte ikkje Johansson å bli i jobben sin. Han var arbeidsledig i fleire år, før han bestemte seg for å bli sjukepleiar.

Han håpar historia hans fører til at menn som blir utsett for det same, oppsøker eit overgrepsmottak.

– Eg ønskjer å hjelpe andre i min situasjon. Eg vil at menn skal tørre å snakke ut om det dei har opplevd.