Hopp til innhold

Kenneth (31) rana folk for å skaffe pengar til dop. – No er trening blitt valiumen min

STOLTZEN (NRK): Halve livet har Kenneth Thorsen vore tungt rusavhengig. Laurdag spring han 50 kilometer over åtte fjelltoppar. – Trening bør bli obligatorisk i rusbehandling, meiner forskar.

Kenneth Thorsen

RUSA PÅ TRENING: For Kenneth Thorsen (31) har trening blitt ein viktig del av vegen ut av rusen. – Det er fint å kjenne på at ein meistrar ting igjen. Eg er ikkje berre ein øydelagd rusmisbrukar, og det finst ei framtid.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Det er 70 prosent psykisk, meiner eg. Det handlar om å lure hovudet sitt. Og det er eg god på.

NRK treffer Kenneth Thorsen dagen før han skal legge ut på eit 50 kilometer langt ultraløp. 31-åringen er på treningstur opp Stoltzekleiven – ein av dei brattaste turstiane i Bergen. Etterpå verkar han ikkje spesielt sliten.

– Eg er litt smånervøs, men trur det gir seg så snart eg kjem i gang. Det er alltid verst før start. Det er jo mange andre der, så det skal nok gå fint.

Men blant dei 258 påmelde til styrkeprøven Rett Vest, betyr løpet kanskje aller mest for Thorsen.

– Eg skal bevise for meg sjølv at eg kan klare det. Klarar eg dette, kan eg klare alt, seier 31-åringen.

– Som eit lotteri

50 kilometer og ei total stigning på drygt 3000 høgdemeter. Vegen fram til startstreken på ultraløpet har vore lang for Thorsen.

– Det starta med drikking og festing i ungdomstida, før det gjekk over til cannabis. Då det ikkje var «noko tess» lenger, blei det amfetamin og ecstasy. I 20-åra vart eg sprøytenarkoman, og då begynte det å gå nedover for alvor, fortel 31-åringen.

Allereie som 15-åring var han rusavhengig. Thorsen har brukt halve livet som narkoman.

– Eg har vore blant dei som vanka på Nygårdshøyden og i undergrunnstunnelen ved Strax-huset i Bergen. Eg har vore langt nede, og har tydd til ran for å skaffe pengar. Det verste du gjer, er jo etter kvart det du gjer mot deg sjølv.

Kenneth Thorsen

SPREK OG BLID: Fysisk aktivitet har blitt ein viktig del av kvardagen til Kenneth Thorsen. – For meg er det god medisin, og eg får meir energi og ro.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Korleis er det å tenke tilbake på no?

– Litt surrealistisk. Det verkar litt fjernt, men samtidig prøver eg å halde det nære. Eg trur det er viktig å ikkje gløyme konsekvensane og kva det har gjort med meg. Det er berre flaks at eg er i live i dag, som eit slags lotteri, seier Thorsen.

Vegen ut av rusen gjekk via fleire klinikkar og rundar med behandling. På Hjellestad i Bergen kom Thorsen etter kvart på rett kjøl.

– Til slutt bestemte eg meg for at nok var nok.

– Kjernen er fysisk aktivitet

Mot slutten av den siste behandlinga fekk Thorsen heilt tilfeldig eit tips av ein kamerat, som skulle få stor innverknad på livet hans.

– Han fortalde meg om Arna Aktiv. Etter siste behandlingsrunde blei eg med, og no har eg vore der i halvanna år, fortel Thorsen.

Kenneth Thorsen

STORE MÅL: I tillegg til å fullføre ultraløp, har Kenneth Thorsen mål om å begynne på skule etter nyttår, fullføre vidaregåande opplæring og få studiekompetanse, for å kunne starte på ei høgare utdanning.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

I Indre Arna har det byomfattande rehabiliteringsprosjektet blitt eit viktig hjelpemiddel i vegen ut av rusen. Som deltakar har Kenneth trent meir og meir, og delteke i stadig tøffare løp.

– Kjernen her er fysisk aktivitet. Fokuset er å legge til rette for at deltakarane skal oppleve glede og meistring, fortel fagkoordinator Jan Runar Trandal ved Arna Aktiv.

Vil erstatte rusbehovet

Sidan 2012 har deltakarar inngått avtalar om oppmøte tre til fem dagar i veka, for å vere i variert fysisk aktivitet.

Fjellturar, treningssenter, skogsrydding, hagearbeid og merking av stiar står dagleg på programmet.

– Tanken er at aktivitetane skal redusere behovet for rusmiddel. Ved å ha noko fast å gå til og delta i meiningsfull aktivitet, får ein dekt fleire primære behov. Målet er at aktiviteten skal stimulere dei til å kome seg vidare til noko anna meiningsfullt, og dessutan gi dei best mogleg helse, seier Trandal.

Arna Aktiv på tur i Arna bydel

AKTIV GJENG: Deltakarane hjå Arna Aktiv har dagleg fysisk aktivitet på planen. Her frå ein fjelltur i Arna bydel i Bergen.

Foto: Jan Runar Trandal / Arna Aktiv

I haust står Knarvikmila, Arnanipa Opp og Stoltzekleiven Opp på programmet for fleire av deltakarane.

– Men Rett Vest er ikkje noko dei fleste er med på. Dette er eit spesielt krevjande løp, og Kenneth tok sjølv initiativ til å vere med på det. Han imponerer veldig med sitt forrykande pågangsmot. Han har bestemt seg for kva han vil, fortel Trandal.

Fann god treningseffekt

– Han må ha jobba strukturert for å kome i form til dette. Det er svært sterkt av ein tidlegare rusavhengig, som nok ikkje alltid har hatt så mykje struktur på livet, seier Grete Flemmen.

Forskaren ved St. Olavs hospital har forska på fysisk helse og aktivitet hjå rusavhengige i behandling.

– Eg testa om lag 50 rusavhengige pasientar. Dei hadde redusert fysisk helse, og ein hjartekapasitet som tilsvara at dei var mellom 25 og 30 år eldre. I studien fekk to grupper trent intervalltrening og styrketrening, før vi samanlikna dette med pasientar som berre fekk ordinær behandling, fortel Flemmen.

Etter åtte veker kom pasientane som trente på omtrent same helsenivå som den friske befolkninga på sin alder, fortel forskaren.

– Rusbrukaren har ikkje skada noko i kroppen som gjer at dei ikkje toler trening, og responderte godt på den fysiske aktiviteten. Det er veldig godt nytt, seier Flemmen.

Grete Flemmen

TRUR PÅ TRENING: Forskar Grete Flemmen har forska på fysisk aktivitet hjå ruspasientar, og funne god effekt i trening.

Foto: Trine Aaen

Ho meiner trening bør inn som ein obligatorisk del av rusbehandlinga.

– Pasientane rapporterer også om at den mentale effekten er god. Fysisk aktivitet er viktig for å gjere rusmisbrukaren meir robust og unngår å bli sjuk, seier Flemmen.

50 lange, våte og tunge kilometer

Rett Vest er eit såkalla ultraløp, altså eit løp som er lenger enn eit maraton, og vert årleg arrangert i fjellheimen i Bergen.

– Tungt, vått og langt, skildrar Geo Wilson, som leiar dugnadsgjengen bak løpet.

Løypa startar på Gullbotn og går opp til Gullfjellstoppen, vidare over toppane Austlirinden, Sletteggen og Livarden, ned til Unneland og opp igjen mot Ulriken, ned igjen til Bergen by, opp mot Løvstakken og vidare over Damsgårdsfjellet og til slutt Lyderhorn, før det er målgang i Kjøkkelvik.

– Gjennomsnittstida for dei som fullfører løpet er ti og ein halv time. Dei siste kjem i mål rundt klokka 22. Då er det gått 14 timar, og det er blitt mørkt ute, fortel Wilson.

Når løpet i år vert arrangert for 30. gong, er det rekordmange påmelde. På startstreken står det 258 spreke mosjonistar.

Ein av dei har vore narkoman halve livet.

– Ei stund var det tyngste eg visste å gå til postkassen. No er treninga blitt eit slags naturleg valium for meg, seier Kenneth Thorsen.