Hopp til innhold

Katie Melua til Nordsjøen

Førstkomande måndag reiser Katie Melua og bandet hennar til Nordsjøen for å halde konsert i botnen av oljeplattforma Troll.

Ho vert då den første artisten som har konsert 369 meter under havoverflata.

Det kvalifiserer til ein plass i Guinness rekordbok, som inneheld lister over internasjonalt godkjende rekordar. 

Katie Melua
Foto: Max Nash, MAX NASH

Konserten arrangerast i samband med Statoils 10 års-jubileum.

Odd Arvid Strømstad er mannen som har funna på å invitere Katie Melua til å halde konsert på Troll-plattformen.

Her kan du høyre Strømstad i intervju med NRK Hordaland!

Ekslusiv konsert

Konserten vert svært eksklusiv, utanom Melua og bandmedlemane vil berre 15 personar vere til stades.

Av desse igjen er det fleire kamerafolk - konserten vert nemleg sendt på NRK på eit seinare tidspunkt.

22 år gamle Ketevan "Katie" Melua er opphavleg frå Georgia. Sidan ho var ni når har ho budd i Nord-Irland og seinare England.

Fram til no har Melua gitt ut to studioalbum: "Call of the Search" i 2003 og "Piece by Piece" i 2005, begge enorme salssuksessar her i Noreg og på verdsbasis.

Dei siste tre månadane har Melua vore på turne i Nord-Amerika. I desse dagar returnerer ho til Europa for å lansere den nye singlen sin, "It’s Only Pain".