– Rein skjær galskap. Dette kunne gått skikkeleg ille

Fleire brennande gjenstandar vart kasta over gjerdet mellom uforvarande supporterar og spelarar. Sportsklubben Brann reknar med at dei har fanga gjerningspersonane på video.

Malick Mane kastar vekk brennande bengalsk lys.

TOK GREP: Sogndal-spelar Malick Mane kastar eit bengalsk lys vekk frå grasmatta på Brann stadion, under eliteseriekampen mellom Brann og Sogndal.

Foto: Alf Vidar Snæland

Uforvarande spelarar og publikum vart vitne til at ei røykbombe og to bengalske lys vart slengt over stadiongjerdet, og inn mellom spelarar og publikum på Brann stadion under eliteseriekampen mellom Brann og Sogndal i Bergen fredag.

Knut Iversen som er ansvarleg for tryggleiken på Brann stadion har aldri vore med på noko liknande under ein fotballkamp.

– Det er jo rein og skjer galskap, det kunne gått skikkeleg ille. Dei kan jo aldri vita kva dei trefte, sidan dei heiv det over det høge gjerdet melom publikum og spelarar. Dette kunne vorte svært alvorleg, seier Iversen til NRK.no.

Det spesielle var at blussa og røykbomba vart kasta inn frå utsida av anlegget, mellom familietribunen og seksjonen med bortesupporterar.

LES ÒG: Pusic avgjorde for Brann

Bengalsk lys på Brann stadion

UFORVARANDE: Fleire av supporterane til Sogndal vart tydeleg redde då dei glødande gjenstandane kom fykande over stadiongjerdet. I venstre biletkant kan ein skimte røykbomba som landa mellom supporterane.

Foto: Alf Vidar Snæland

Uro blant supporterane

Det oppstod tydeleg uro blant enkelte av dei tilreisande supporterane frå Sogndal, som stod nærmast i det dei brennande gjenstandane fauk over stadiongjerdet.

Tidlegare har det vorte kasta frå tribunen og ut på grasmatta under kampar.

Røykbomba landa på asfalten i svingen mellom tribunane, medan eit av dei bengalske lysa hamna inn på grasteppet.

– Me har videokamera både på innsida og utsida av stadion, så me får sjå om me kan ha fanga opp kven som står bak, seier Iversen som er politimann til dagleg.

Sjølv om fleire av dei tilreisande supporterane stod nært gjenstandane vart ingen treft eller skadde.

LES ÒG: Kasta biljardkule etter Everton-keeper

Fekk applaus

Sogndal-spelar Malick Mane tok ansvar og kasta det bengalske lyset resolutt ut av bana, til stor jubel frå både heime- og bortefansen.

– Både me og politiet er interesserte i å finna ut av dette, me samarbeider om å finna ut kven som står bak og har kontakt med litt ulike miljø, seier Knut Iversen.

Han stadfestar at gjerningspersonane kan ha vorte fanga på videotape. Etter Brann sitt bortetap mot Viking 18. august vart likande bluss kasta inn i den same svingen, men då var stadion folketomt.