NRK Meny
Normal

Kasper (99) har hatt førarkort i snart 82 år

KVINNHERAD (NRK): 14.000 nordmenn over 90 år har framleis lappen. Kasper Hjelmeland (99) har truleg meir erfaring med bilkøyring enn dei aller fleste.

Kasper Hjelmeland

HATT LAPPEN I EIN MANNSALDER: Kasper Hjelmeland (99) frå Kvinnherad i Hordaland har hatt førarkort sidan lenge før krigen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Det er berre nokre veker sidan 99-åringen frå Dimmelsvik i Kvinnherad var inne og køyrde opp på nytt. Det resulterte i trygg fornying av førarkortet.

Nok ein gong.

For første gong Kasper Hjelmeland tok lappen synte kalenderen 18. desember 1936. Om berre ein månad har han difor hatt lappen i heile 82 år.

– Eg tok førarkortet i Haugesund. Vi hadde kring 17 spørsmål den gongen og dei måtte ein kunne. Det var eigentleg ganske enkelt, smiler 99-åringen.

Kasper Hjelmeland

EIN AV 200: Kring 200 99-åringar i Norge har førarkortet i dag.

Foto: Tale Hauso / NRK

Hatt 20 bilar

Kvinnheringen har eigd over 20 ulike bilar opp gjennom åra og sett ein revolusjonerande utvikling i bilparken.

– I dag har eg ein svart Mercedes 2011-modell. Med automatgir, det er heilt perfekt, slår Hjelmeland fast.

Det er ingen tvil om at den spreke 99-åringen likar å ta plass i førarsetet. Gjennom 82 år har først og fremst køyrd bil og lastebil, men har også sete bak rattet på drosjar og bussar.

Kva er det kjekkaste med å køyre bil?

– Før var det kanskje det å ha med nokre jenter som var det kjekkaste. I Kvinnherad var det nesten berre eg på den tida som hadde tilgang til bil. Det var aldri problem å få damer med seg, ler 99-åringen.

Stadig fleire eldre i trafikken

Han er ein av kring 200 99-åringar som har førarkort i Norge i dag. Tal frå Vegvesenet viser at litt over 14.000 nordmenn over 90 framleis har lappen i behald.

Men det gir også utfordringar. Ifølge Transportøkonomisk institutt finst det 10.000 demente sjåførar på vegane i Noreg.

Ifølgje tal VG har henta inn vil eldrebølgja i løpet av kort tid gje oss 30.000 fleire 80-åringar.

Kasper Hjelmeland

TRIVST I BILEN: Kasper Hjelmeland køyrer automatgir i dag.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Tek aldri sjansar

Men 99-åringen i Kvinnherad er framleis sprek og i fin vigør.

– Det er nok vanskelegare å ta førarkortet i dag, innrømmer han.

– Men lappen i 82 år, du er vel ganske god til å køyre bil no då?

– Eg er på retur, eg er ikkje sånn som då eg var på det sprekaste. Men det som er ein fordel no er at eg aldri tar sjansar. Ikkje slik som då eg var ein jypling, forsikrar Hjelmeland.

Til dei unge i dag har han dette tipset:

– For guds skuld ikkje driv på med forbikøyring. Det er det viktigaste av alt!

Siste video

.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.
Kunstnere med julekalender i flere norske byer i desember.