Seniorrådgjevar Vigleik Skeie ber folk melda frå om dei finn daude fuglar. Men sjansen for at fugleinfluensaen skal koma til Hordaland er liten.
- Me har vernebuingsplanen klar, og den oppdaterer me no, seier Skeie.
Distrikssjef Paal Fennell. (Foto: Eli Bjelland/NRK)
- Treng ikkje vera redde
Distriktssjef i Mattilsynet, Paal Fennell, fortel at folk ikkje har grunn til å vera redde for fugleinfluensa på dette stadiet.
- Eg er ikkje redd sjølv. Dette er trass alt ein fuglesjukdom, ikkje ein menneskesjukdom. Alle dei omlag 70 personane som har døydd av smitten i løpet av dei siste 9 åra er blitt sjuke etter nærkontakt med fuglar, opplyser han.
Møter ornitologar
Mattilsynet vil ikkje gjera noko aktivt i Hordaland enno.
Likevel skal dei ha eit møte med ornitologar i morgon for å kartleggja kva delar av fylket som er mest utsette for smitte.
Ville fuglar
Først og fremst er det ville fuglar som blir sjuke, og då spesielt ender og svanar.
- Det er difor sannsynleg at dei mest utsette områda vil vera rundt Herdla, som er eit trekkfuglområde. I tillegg er det ein del ville fuglar ved Fanavassdraget og i byparkane i Bergen, fortel Fennell.