Normal

– Brann er framleis ein attraktiv klubb

Mangeårig talentspeidar og rådgjevar Tor-Kristian Karlsen meiner jobben med å ta Brann tilbake til toppen er ein attraktiv utfordring, også for folk frå utlandet. Sjølv er han for travel til å vera aktuell som ny sportssjef.

Tor-Kristian Karlsen

FOR TRAVEL: Bergensavisen meiner Tor-Kristian Karslen bør stå på blokka som kandidat for sportssjef-stillinga. Sjølv seier han at han er for travel.

Foto: Hartvig, Espen / NTB scanpix

Brann må meir enn gjerne ta kontakt om dei ønskjer innspel.

Tor-Kristian Karlsen

– Trass nedrykket er Brann ein stor klubb og det å kunne hjelpa klubben tilbake i det gode selskap bør vera ei attraktiv utfordring som vil lokke søkjarar, også frå nabolanda, seier Karlsen til NRK.

Den mangeårige talentspeidaren har over 20 års erfaring i fotballen og har også vore sportsdirektør i storklubben Monaco i fransk toppfotball. Han har fått med seg dramaet som har gått føre seg på Brann Stadion dei siste dagane. Etter eit 13,5 timar langt styremøte på måndag, valde dagleg leiar Roald Bruun-Hanssen å trekkja seg frå stillinga si.

Brann vil erstatta han, i tillegg til å snarleg tilsetja ein sportssjef og ein speidar for å styrka apparatet rundt hovudtrenar Rikard Norling som har fått fornya tillit.

– Attraktivt med blanke ark

FBL-FRA-LIGUE2-MONACO-MEDIAS

MYKJE ERFARING: Tor-Kristian Karlsen har over 20-årserfaring i bransjen, og har speida for klubbar som Zenit og Bayer Leverkusen. Her frå tida som sportsdirektør i Monaco.

Foto: JEAN CHRISTOPHE MAGNENET / Afp

Karlsen seier det er fleire grunnar til at Brann er attraktive for fotballfolk, trass årets skandalesesong som enda med nedrykk etter tap for Mjøndalen i kvaliken.

– For kompetente fagmenn er det attraktivt å starta med blanke ark, og Brann 2015 kan vere eit slikt scenario. I sommar snakka eg med ein tidlegare Brann-trenar, og han poengterte at det han verkeleg sakna med jobben i Brann var trykket, presset og engasjementet frå omgjevnadane.

– Når det går bra for klubben er det som den vert løfta den fram av heile byen. Det er få stader i Nord-Europa ein opplev tilsvarande engasjement, og for mange er det utruleg appellerande å arbeide i ein slik setting, skryt Karlsen.

– Brann må treffa

Karlsen kommenterer reorganiseringa i Brann som interessant.

– Det ligg ei slags erkjenning i at spelarlogistikk er absolutt avgjerande for ein fotballklubb sine resultat. Kanskje fleire norske klubbar burde tenkje i same baner.

Han legg raskt til at det likevel er avgjerande kven det er som hamnar i dei nyoppretta nøkkelposisjonane. Ifølgje han bør Brann sjå etter erfaring, teft, nytenking og evna til å akseptera at fotball er ein livsstilsjobb.

– Tilsetjinga av dagleg leiar, sportssjef eller speidar har liten effekt om ein ikkje hentar dei riktige menneska. Det blir spennande å sjå. Treff Brann riktig, kan dei no legga grunnlaget for ein suksessrik framtid.

Saka held fram under biletet

Rikard Norling i møte med pressen etter Bruun-Hanssens avgang

TOMMELEN OPP: Rikard Norling held fram som hovudtrenar for Brann neste år. Karlsen meiner Brann no har alle forutsetningar for å bygga ei suksessrik framtid med eit nytt apparat rundt svensken.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Lansert som kandidat

I dagens utgåve av Bergensavisen skriv sportsjournalist Tormod Bergersen at Tor-Kristian Karlsen bør stå på blokka til Brann-leiinga når dei no skal ut å sjå seg om etter ny sportssjef.

– Eg har full hyre med eigne aktivitetar som rådgjevar og er soleis ikkje aktuell for nokon stilling i norsk fotball. Men Brann må meir enn gjerne ta kontakt om dei ønskjer innspel, kommenterer Karlsen.

Han trur ikkje Brann blir liggande lenge i 1. divisjon.

– Stallen, interessa, entusiasmen og føresetnadene er altfor gode. Nedrykket har tvunge fram smertefulle grep frå styret som fort kan bidra til å nullstille og skape ein ny plattform. Det er ein klisje men nokre gonger kan det vera nyttig å ta eitt steg tilbake for å ta to fram.