NM i fallskjermhopping vart denne veka arrangert på Bømoen på Voss, og laget til den tidlegare kulekøyraren Kari Traa, «Flaksande budeier», stilte i klassen freefly rekrutt.
- Les også:
– På det første hoppet på laurdag hadde me faktisk leiinga, seier Kari Traa.
Til slutt hamna laget på andreplass, og stakk av med sølv i sin klasse.
– Men, me var superglade med ein andreplass. Målet var å kanskje klare å komme oss på pallen, så det gjekk eigentleg over all forventning, seier ho.
Første pallplassering for Traa
Kari Traa har tidlegare konkurrert i NM i fallskjermhopping, men då i ei anna grein. Dette året er det første gong Traa hamnar på pallen i noregsmeisterskap i fallskjermhopping.
– Det er ganske herleg å konkurrere i noko anna etter at eg slutta å konkurrere med ski. Det er kjekt å lære seg noko nytt, seier Traa.
– Det er mykje teknikk det går på, og eg likar veldig godt tekniske idrettar, seier ho.
Etter første omgang låg laget på førsteplass, men så tok laget «Voss Alliance» innpå, og dei stakk til slutt av med førsteplassen.
– Me enda opp på ein andreplass, og det var berre med eit halvt poeng framføre tredjeplassen, seier Traa.
Akrobatikk i lufta
Kven som vinn i freefly fallskjermhopping vert avgjort ved at dommarar ser på video tatt frå lufta. Laga får poeng ut frå dei første 45 sekunda i fallskjermhoppet.
– Me er to stykk som skal gjere akrobatikk og formasjonar i lufta, og så skal kameradama vår prøve å fange oss best mogeleg på film, seier Traa.
Kamerakvinna på laget heiter Anna Moxnes, og er ein erfaren fallskjermhoppar frå England. Ho filma Kjersti Eide og Kari Traa då dei hoppa.
– Me heiter jo «Flaksande budeier», så me flaksa litt i nokre hopp, men me var eigentleg stabile på alle hopp slik poengmessig, seier Traa.
Likevel merkar Kari Traa at sporten er utfordrande.
– Eg merkar at eg er passert 40 år, og er langt ifrå den motoriske gullalderen. Eg brukar litt lenger tid på å lære, men det er vel berre slikt me må ta med oss når me veks til, seier ho.
– Eg er nok over gjennomsnittet koordinert, men det er heilt annleis å gjere noko i lufta. Det er så mykje vind, og små rørsler gjer store utslag. Du dett i over 200 kilometer i timen, seier Traa.
Gav meirsmak
NM byrja på onsdag, men både den dagen og torsdag var det dårleg vêr på Voss. Flygingane vart utsett, og det vart mykje venting. Då fallskjermhopparane endeleg fekk hoppe på fredag, så var det verdt å vente på.
– Då fekk me gjort halvparten av alle hoppa me skulle ha, og det var heilt fantastisk når me først kom i gang, seier Traa.
Ho seier dei hoppa gjennom skyer og litt regn, men at det ikkje gjorde noko.
– Det er jo finast å hoppe når det er blå himmel og fine skyer i bakgrunnen, men det var ikkje så nøye for me konsentrerte oss mest om å fullføre hoppet best mogeleg, seier Traa.
Og pallplasseringa gav meirsmak.
– Eg og Kjersti vart endå meir gira på dette, så me skal fortsette å trene i lag, og kanskje stille i ein endå meir avansert klasse til neste år, seier Traa.
– Du blir aldri utlært uansett kva sport du vel, så det er kjekt å ha nokon nye mål heile tida, seier Traa.