Karadas klar for sin siste Brann-kamp – men 38-åringen har tilbod frå toppklubbar

BRANN STADION (NRK): 20 år etter debuten er kulthelten Azar Karadas klar for sin siste kamp for Brann. Han ser tilbake på karrieren med stoltheit – men det er langt frå sikkert at den er over.

Eliteserien fotball 2018: Strømsgodset - Brann

LIDENSKAPLEG: Azar Karadas runda 250 kampar for Brann. Her feirer han ei skåring i fjorårsesongen saman med Taijo Teniste (t.v.), Kristoffer Barmen og Kjetil Kjelsrud Johansen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Søndag avsluttar Brann årets sesong heime mot Viking på Brann Stadion. Det markerer slutten på ein sesong langt under pari for bergenslaget.

Svake resultat, interne stridar og eit braktap som klubben ikkje har opplevd sidan gullsesongen i 2007, har sett sitt preg på laget.

Brann har ingenting å spela for. Likevel blir årets siste kamp heilt spesiell.

20 år etter at Azar Karadas debuterte for klubben, er det over. 38-åringen får ikkje tilbod om ny kontrakt.

– Det blir jo veldig spesielt, seier Karadas til NRK to dagar før han avsluttar Brann-kapittelet.

Azar Karadas scorer mot Moss i 2001.

2001: Azar Karadas jublar etter å ha skåra det første målet i eliteserieoppgjeret mot Moss i 2001. Brann vinn til slutt 3–2.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Supporterfavoritt

Sidan Azar Karadas debuterte som 17-åring i 1999, har nordfjordingen spelt over 250 fotballkampar for Sportsklubben Brann. Gjennom tre periodar i klubben har den høgreiste 38-åringen spelt seg inn i supporterane sine hjarter.

Heltestatusen blei for alvor spikra då Karadas avgjorde kampen mot Lyn i 2007, og i praksis sikra Branns første seriegull sidan 1963.

Dei siste to sesongane har Brann påskjønna Karadas med nye eittårskontraktar. Dette året fann klubben ut at det var nok – mot Karadas si vilje.

– Eg har prøvd å tenka litt på det, men prøvd å få det på avstand òg. Eg trur at eg berre må kjenna på det når eg går ut matta på sundag, seier Karadas om avsluttinga.

Fleire høgdepunkt

Karadas har vunne eliteserien fire gongar, tre med Rosenborg og éin med Brann. Nordfjordingen har ti kampar med flagget på brystet, og utanlandsopphald i Portugal (Benfica), England (Portsmouth), Tyskland (Kaiserslautern) og Tyrkia (Kasımpaşa).

Som høgdepunkt trekk han fram signeringa av sin første proffkontrakt med Brann som 17-åring i 1999, gjensynet og gullet med bergensklubben i 2007, men også Champions League-eventyret med Rosenborg tidleg på 2000-talet.

– Det er vanskeleg å koma utanom seriemeisterskap. Det å få lov til å vera ute i Europa og testa seg sjølv der, og ikkje minst at eg fekk oppleva eit seriegull med Benfica i Portugal, er også med på lista.

Azar Karadas jubler etter cupgull

CUPGULL: Azar Karadas har vunne fem seriemeisterskap, men berre eitt cupgull. Det kom som Rosenborg-spelar etter sigeren mot Bodø-Glimt i 2003.

Foto: Richardsen, Tor / NTB scanpix

Dødstrugslar i snøen

Men den lange karriere har ikkje berre vore prega av oppturar.

Azar Karadas sin overgang til Rosenborg i mars 2002 kom som eit sjokk på dei fleste. Brann var på randen av konkurs, og hadde sendt 18-åringen på prøvespel over heile Europa i desperat jakt på utanlandske kjøparar. Til slutte selde klubben gullkalven til erkerivalen.

I overkant av eitt år tidlegare hadde Karadas stått i bar overkropp på utestaden Maxim i Bergen og feira klubben sitt seriesølv. Veker seinare hamna eidaren og klubbkamerat Marcus Bakke på glattcelle i Bergen etter bråk med ein dørvakt.

Publikumsyndlingen sin overgang til Rosenborg var hard å svelgja. Den resulterte i dødstrugslar og hets frå Brann-supporterane. «Du skal dø», stod det teikna med ketsjup i snøen utanfor leilegheita hans.

Azar Karadas mot Stabæk i 2000.

KULTHELT: Medaljefeiring i bar overkropp og opphald på glattcelle etter ein bytur medverka til den høge stjerna Karadas fekk blant supportarane. Det smerta difor ekstra hardt at Eid-karen gjekk til erkerival Rosenborg.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

«Judas» blei kulthelt

Den kombinerte midtstopparen og angriparen blei vane til «Hater, hater, hater Karadas» og Judas-tilrop dei gongane han returnerte til Bergen i Rosenborg-drakt.

Men då nordfjordingen gjorde comeback i gullsesongen 2007, var alt det vonde gløymd. «Vi hatet deg så mye, fordi vi elsker deg så høyt», stod det på eit Brann-banner.

– Eg brukar eigentleg veldig lite tid på ting som har skjedd. Då eg stod oppe i det, var det heilt naturlege ting som skjedde. Det er ikkje noko ein kan få gjort noko med i dag.

Etter gullsesongen med Benfica i 2004-2005, blei Karadas lånt ut først til Portsmouth og deretter til Kaiserslautern. Under tida i Tyskland fekk Karadas diagnosen kronisk utmattingssyndrom, og opphaldet blei ein nedtur.

– Det var ei tøff tid, men eg hadde gode folk rundt meg som gjorde at eg kunne bygga meg opp på nytt, og koma tilbake på bana.

Azar Karads mot Aalesund

TREDJE PERIODE: I 2014 signerte Karadas for Brann for tredje gong. Då hadde han spela i Sogndal etter returen frå tyrkisk fotball. Karadas gjekk til tyrskiske Kasimpasa i 2009. I 2014 rykte Brann ned.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Krise i Bergen

Også i dag er det tøffe tider i klubben. Brann-trenar Lars Arne Nilsen er under press etter at millionforsterkingar og medaljeambisjonar enda med braktap i cupen og i beste fall ein 6.-plass i serien.

I intervju med BT denne veka har Nilsen måtta svara på kritikk frå innsida av garderoben. Ifølge BA har Nilsen fått beskjed av styret om å spela meir underhaldande fotball.

Karadas er først og fremst opptatt av å avslutta sesongen med siger over Viking.

– Det er ikkje nokon løyndom at ingen i Brann er nøgde med sesongen. Me må finna årsaka og sjå kva klubben kan gjera for å koma seg gjennom det.

Azar Karadas

I DAG: Før sesongen hadde Brann og Azar Karadas ambisjonar om å kjempa heilt i tetet av norsk fotball. Slik gjekk det ikkje.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

Vurderer fleire tilbod

38-åringen bur i dag i Bergen med kone og tre barn. Sidan han kom til klubben i 1999 har han fått eit spesielt forhold til Bergen. Men det betyr ikkje at han ikkje vurderer tilbod frå andre kantar av landet.

Karadas stadfestar at han har fått fleire tilbod på toppnivå.

– Det har eg. Eg har moglegheiter til å framleis spela fotball. Men eg vurderer også tilbod utanfor fotballen.

– På kor høgt nivå?

– Det ønskjer eg ikkje gå innpå, men det ligg nokre tilbod der som eg ser på. Så har eg også andre moglegheiter som eg vurderer.

Om kampen på sundag skulle bli hans siste, ser han tilbake på karrieren med stoltheit.

– Eg er veldig glad og takksam for den reisa eg har fått vera med på. Eg meiner eg har tatt val heile vegen der eg har prøvd å få ut det maksimale av potensialet mitt. Så har eg også tatt val som ikkje har vore like enkle eller heldige. Men om eg ser tilbake på karrieren min, er eg veldig fornøgd.

Sundag er det nøyaktig 6979 dagar eller 19 år, 1 månad og 9 dagar sidan Karadas feira topplaus på ein utestad i Bergen sentrum. Markeringa av karrierepunktumet i Brann høyrest ut som at kan bli noko rolegare.

– Eg håpar først og fremst at me vinn kampen og at me kan gi publikum ei god avslutning på sesongen. Så får me berre ta det som kjem.