Hopp til innhold

Kaosmøte om skulenedlegging: Vil behalda alle skulane

Det herskar full forvirring rundt kva vidaregåande skular som skal leggjast ned. SV støttar opposisjonen sitt forslag om å ikkje leggja ned nokon skular. – Useriøst, meiner posisjonspartia.

Videregående skoler

TRUGA: Austrheim, Hjeltnes, Fitjar og Rubbestadneset vidaregåande skular er nedleggingstruga.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Torsdag er opplæringsutvalet i Hordaland samla for å drøfta kva vidaregåande skular som skal leggjast ned.

Fylkesrådmannen har lagt fram ei omfattande kuttliste som inneber at mellom anna skulane i Etne, på Rubbestadnes, på Fitjar, på Hjeltnes og i Austrheim skal leggjast ned.

I møtet gjekk opposisjonspartia Frp Høgre, Venstre, MDG, og Raudt inn for å behalda dagens skulestruktur.

Også SV, som til no i perioden har fungert som støtteparti for posisjonspartia Ap, Sp og KrF annonserte i møtet at partiet vil støtta resten av opposisjonen.

Bakgrunn: Her er skulane som kan bli nedlagde

Parkerer posisjonspartia

Dermed kan den styrande koalisjonen i fylkeskommunen risikera å verta sett på sidelinja i ei av dei største politiske kampsakene i denne perioden.

Sjølv om fleirtalet i opplæringsutvalet torsdag røysta for å ikkje leggja ned skular, opnar forslaget for at skular likevel kan verta lagt ned.

– Dette må me sjå på fram mot fylkestinget i oktober, seier Roald Stenseide (Frp).

«Alternativ 0 kan ikke betraktes som et fullstendig forslag og av denne grunn vil opposisjonen frem mot neste fylkesutvalgsmøte evt fylkesting gjøre nødvendige justeringer, med ein tydelig distriktsprofil», heiter det i forslagsteksten frå opposisjonen.

Roald Steinseide og Emil Gadolin

HØGT POLITISK SPEL: Roald Stenseide (Frp) og opposisjonen kuppa fleirtalet framfor nasen på Emil Gadolin (Ap). Likevel er ingenting avgjort før fylkestinget møtest i oktober.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Nesten 2000 tomme plassar

Om ingen skular vert lagt ned vil det ifølgje fylkesadministrasjonen vera ein overkapasitet på over 2000 skuleplassar.

Skulesektoren i fylkeskommunen brukar i dag langt meir pengar enn det budsjetta legg opp til.

Les og: Desse fire avgjer skuleframtida til tusenvis av elevar

Tor Andre Ljosland som sitt i opplæringsutvalet for Kristeleg folkeparti meiner at forslaget frå opposisjonen er urealistisk. Men opnar likevel for forhandlingar.

– Opposisjonens forslag er useriøst. Men me er opne for å diskutera. Me som parti vil mellom anna behalda skulane på Fitjar og i Austrheim. Men det må skje innanfor økonomisk ansvarlege rammer, sa KrF-politikaren i møtet.

Håpar på forhandlingar

Politikarar frå både opposisjonen og posisjonspartia avrunda debatten med eit ønskje om tverrpolitiske forhandlingar fram mot fylkestinget.

– Det eg høyrer i debatten gjer at eg trur at me kan komma fram til noko på tvers av blokkene, seier Roald Stenseide (Frp).

Les nokre av sakene om dei omfattande skulenedleggingane i Hordaland:

Svein Heggheim i fylkesopplæringsutvalet

NEDERLAG: Fleirtalet i opplæringsutvalet forkasta heile skulebruksplanen til opplæringsdirektør Svein Heggheim (t.h.). Likevel vert det opna for at skular kan verta lagt ned.

Foto: Sølve Rydland / NRK