NRK Meny
Normal

Kantinesjefen skjulte lunsjen for byråkratane – kutta matsvinnet kraftig på kort tid

FYLKESBYGGET I HORDALAND (NRK): Enkle kantinetiltak reduserte matavfallet med 33 prosent på ei veke. – Det var eigentleg skremmande lett, seier kantinesjefen.

Morten Hoff i selskapet Beredt

FJERNA MAT FRÅ DISKEN: Byråkratane i Hordaland fylkeskommune har fått ein ny kantinekvardag. Også på møtemat var det mykje å gå på. – Vi var overraska over at det var så mykje møtemat som ikkje blei brukt, og kom attende, seier Morten Hoff i kantineselskapet Beredt.

Foto: Sølve Rydland / NRK

I desember i fjor vedtok politikarane i Hordaland å kutte i matsvinn og matkasting i fylkeskommunale verksemder.

Fylkesrådmannen svarte med å inngå samarbeid med selskapet Beredt, som driv kantinene i svømmeanlegget Ado Arena, på tre vidaregåande skular og i fylkeshuset.

I slutten av februar fjerna Beredt ein del av maten som tidlegare hadde stått ferdiglaga i disken, og hengde opp plakatar ved avfallsstasjonane for å bevisstgjere kantinebrukarane.

Dei enkle tiltaka skulle vise seg å ha ein formidabel effekt: Frå ei veke til den neste, då satsinga blei innført, gjekk matavfallet ned frå 47 til 33 kilo – ein reduksjon på 33 prosent.

– Det er eigentleg litt skremmande at det gjekk an å redusere så mykje, berre ved å gjere gjestane merksame på at «du får alt du vil ha, men ikkje ta meir enn du treng», seier Morten Hoff i Beredt.

Kantine Hordaland fylkeskommune matsvinn-skilt

INFORMASJON: Sjølv om all maten ikkje lenger står framme, skal dei tilsette i fylkeskommune framleis få det dei vil ha til lunsj.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fjerna «hyllevarmarane»

Byråkratane på fylkeshuset, der NRK er på besøk i kantina, må no i større grad enn før bestille lunsjen dei har lyst på.

– Då får dei og den maten dei treng, i staden for at ferdigmaten må stå i disken som «hyllevarmarar», og til slutt går i bosset, seier Hoff.

Kantinepersonalet oppmodar også dei tilsette om å bestille mindre møtemat, og om heller å forsyne seg to gonger i kantina enn å ta for mykje første gongen.

Hoff i Beredt understrekar at gjestane ikkje risikerer å måtte gå svoltne opp att på kontoret.

– Sjølv om disken kan sjå tom ut, betyr det ikkje at ein ikkje kan få mat. Via oppslag i kantina og på intranettsidene blir gjestane gjort merksame på at beteninga kan lage det dei ønskjer på eit par minutt, påpeiker han.

– Mange kan ha mykje å gå på

Mette Nygård Havre Kommunikasjonssjef, BIR AS

Mette Nygård Havre

Foto: Ole-Andre Lagmandokk / NRK

Mette Nygård Havre, som nyleg vann Hordaland fylkeskommune sin miljøpris for sin kamp mot matsvinn, synest resultata er svært oppløftande.

– Dette viser jo at veldig mange kan ha veldig mykje å gå på, og at det absolutt ikkje treng å vere så mykje som skal til. Alle organisasjonar og bedrifter i Noreg burde sjå på korleis dei kan redusere sitt matsvinnet sitt, meiner Havre.

Pål Kårbø KrF

Pål Kårbø

Foto: FOTO: SØLVE RYDLAND / NRK

Også politikarane er overvelda over den raske og kraftige effekten av vedtaket dei fatta før jul. Fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF) håpar andre no vel å kopiere dei.

– Eg vil oppmode alle organisasjonar, og familiar heime, til å vere medvitne eige forbruk, og ikkje minst avfall. Klarar vi å spare litt, alle saman, så blir det eit bidrag til vårt felles klima og miljø, seier Kårbø.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik