Hopp til innhold

Kan vinne cupen - igjen

Men denne gongen i Belgia.

Erlend Hanstveit

Erlend Hanstveit vann cupen med Brann i 2004 - no kan han vinna den belgiske cupen.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Laurdag kveld har Erlend Hanstveit sjansen til å verta cupmester i Belgia.

Ostringen som har cupgull og seriegull frå tida i Brann har dermed sjansen til å verta cupmester i to land.

I 2004 tok han cupgull i lag med Brann for fyrste gong på 22 år. I 2007 var han med å sikra seriegull til raudskjortene for fyrste gong på 44 år.

No kan han igjen vera med på å sikra gullet for ein klubb som ikkje er vant med å vinna.

Klubben hans Gent har nemleg ikkje vunne den belgiske cupen på 26 år.

Ostringen gler seg stort til cupfinalen mot Cercle Brugge, fortel han til NRK.

Bergen spesielt

– Det er stor stemning både i klubben og byen, det er veldig lenge sidan laget har teke cupmedalje.

Men det kan ikkje samanliknast med å ta cup - gull i Bergen.

Torgalmenningen i ekstase etter cupseier i 2004

Torgallmenningen i ekstase etter cupsiger i 2004. Å vinna med Brann er spesielt, fortel Hanstveit.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Å ta ein tittel i Brann og Bergen er alltid heilt spesielt. Dette vert litt annleis, men det er klart det er ein stor prestasjon viss me klarer det her også.

Støttar kollegaen

– Heilt fantastisk.

Cato Guntveit er glad for suksessen til den tidlegare klubbkollegaen.

– Eg skal prøva å få med meg kampen, lovar han.

Voldsomt trøkk

Hanstveit har spelt mange kampar denne sesongen, men veit ikkje om han startar mot Cercle Brugge.

Men uansett om han spelar eller ei, ser han fram til kampen.

– Det blir full stadion, voldsomt trøkk og stor fest, akkurat slik det skal vera på cupfinale. Det blir eit minne for livet!

Brann mottar gullet på stadion

Hanstveit var også med då Brann vant seieren i 2007.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX