Hopp til innhold

Kan verte transportstreik

Måndag kan over 2000 yrkessjåførar verte tekne ut i streik. Det vil få store konsekvensar for kollektivtransporten.

Roger Hansen

HÅPAR PÅ LØYSING: Forbundsleiar i Norsk Transportarbeiderforbund, Roger Hansen, håpar å unngå streik manda.

Foto: Per Foss / NRK

– I fyrste omgang vil Bergen, Stavanger og Drammen verte hardast råka, seier forbundsleiar i Norsk Transportarbeiderforbund (NTF,) Roger Hansen.

Frist på søndag

Fredag ettermiddag starta meklinga mellom fagforbunda LO Stat, NTF og Yrkestrafikkforbundet og arbeidsgjevarforeiningane Spekter og NHO Transport.

Om dei ikkje kjem til ei løysing innan søndag klokka 16, vil det verte blåmåndag for mange brukarar av kollektivtransporten.

Over 2000 sjåførar

– Om det vert streik, vil over 2000 sjåførar bli tekne ut måndag morgon. Det vil få ein del konsekvensar for kollektivtransporten, seier Hansen.

Ved streik vert desse bedriftene tekne ut:

Buss: Boreal Sør, Drangedal Bilruter, Tide Buss avdeling Mannsverk, Nettbuss Drammen, Nettbuss Travel Drammen og Setesdal Bilruter.

Gods: HOB Gods, Transferd, Østbø AS, Eek Transport, Veøy Sør, Suldal Transport, Hans Ivar Slåttøy Transport AS, Gran Taraldrud AS, Brødrene Hansen Transport, Tor Bergum Transport og Årikstad Transport.

Det vil føre til at busstransporten i Bergen, Stavanger og Drammen i stor grad vil verte lamma. I Bergen gjeld streiken i tillegg til om lag 20 sentrumsruter òg Flybussen og Kystbussen.

I Drangedal og Setesdalen vil ein streik òg få konsekvensar for reisande.

– Må innfri tidlegare avtale

Hovudkonflikta er eit løfte som vart gitt under forhandlingane i 2007. Då vart yrkessjåførane lova at dei skulle kome opp på same lønnsnivå som industriarbeidarane, men no vil ikkje arbeidsgjevarforeiningane følgje opp løftet.

– Me stiller ikkje umogelege krav, men me vil ha den førre avtalen oppfylt, seier Roger Moum i Vestnorsk Transportarbeiderforbund.

Meklingsfristen går ut søndag, og Hansen håpar på ei løysing.

– Me satsar alt på at meklinga skal føre fram, men me ar ikkje greidd å verte einige så langt, seier han.