Hopp til innhold

Kan verte slutt på musikk i butikk

Frå nyår kan det verte slutt på bakgrunnsmusikk på kaféar og i butikkar. Ei ny avgift gjer det 50 prosent dyrare å spele musikken.

Kjøpesenter
Foto: Johannessen, Sara, Sara Johannessen / SCANPIX

I dag betalar restaurantar, kaféar og butikkar tusenvis av kroner kvar årleg i vederlag til TONO og GRAMO, musikarane og plateselskapa sine interesseorganisasjonar.

Se video her!

- Det er direkte frekt

Ei lovendring gjer altså at det frå nyår vert 50 prosent dyrare for næringsdrivande å spele musikk i lokala sine. 

Butikksjef på Benetton i Bergen, Christine Sørensen, er ikkje særleg nøgd med betalingsordninga i det heile.

- Det er direkte frekt. Eg synes det er heilt håplaust at ein må betale for å få lov til å spele musikk i butikkene våre.

Sørensen reagerer på at musikkbransjen skal ha meir pengar for bruk av bakgrunnsmusikk. Sørensen har lita forståing for kravet - og har ingen planar om å betale meir.

- Då kuttar vi heller ut musikken, så enkelt er det. Eg har råd til det, men vi betalar nok som det er, seier Sørensen.

- Ikkje unaturleg å betale for musikken

Advokat Henriette Kristoff i Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon er også kritisk til avgiftsauken.

- Vi tykkjer at dette er urimeleg og for dyrt. Det inneber at butikkane må sjå på totalkostnadane, og dei vil no truleg vurdere om dei skal slå av musikken i butikkane.

Direktør i Fond for utøvende kunstnere, Bjørg Eriksen, er derimot av ei anna oppfatning. Ho jublar for den nye avgifta, som vil tilføre fondet 10 millionar kroner i ekstra inntekter.

Eriksen meiner det er rett og rimeleg at handelsstanden betalar for musikkbruken.

- Når ein brukar musikken for å fremje eige sal og eiga næring, er det ikkje unaturleg at ein betalar for det, kommenter Eriksen.