Hopp til innhold

Kan «kvinna i gata» forstå kunsten?

Samtidskunstnaren Tony Matelli har som mål at kunsten skal stå for seg sjølv og vera sjølvforklarande. Me tok han på ordet og tok «vanlege folk» med på kunstutstilling.

Samtidskunstnaren Tony Matelli har som mål at kunsten skal stå for seg sjølv og vera sjølvforklarande. Me tok han på ordet og tok «vanlege folk» med på kunstutstilling.

VIDEO: Den New York-baserte kunstnaren Tony Matelli meiner kunsten skal vera sjølvforklarande. Men forstår vanlege folk kunsten?

Tony Matelli

VIL FORTELJA NOKO: Den amerikanske kunstnaren Tony Matelli.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

– Det er eit problem, ikkje berre for samtidskunst, men kunsten generelt, å kommunisera utan eit tilleggsapparat av tekst og alt det rundt, det eg vil kalla eit ei stillas som heldt arbeidet oppe, seier Tony Matelli.

Den New York-baserte samtidskunstnaren opna fredag utstillinga si «A Human Echo» ved Bergen kunstmuseum, som er den første utstillinga hans i Noreg.

Kunstnaren, som opphavleg kjem ifrå Chicago, meiner det er eit stort problem for kunsten at folk ikkje kan forstå bodskapen utan tekstplakatar eller at ein har lese seg opp på førehand.

Derfor er alt anna skrella bort frå visningsromma. I utstillinga tar Matelli utgangspunkt i attkjennande motiv, som kroppen, ei krukke med blomar og ulike dyr.

– Eg vil at gjenstanden skal få deg til å tenke at det ligg ein intensjon bak. Og at du difor må sjå etter. Eg vil at gjenstandane skal tale for seg sjølve.

Tony Matelli, Bergen kunstmuseum

APEKAMP: To små tynne apar som angrip ei diger ape.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

To vanlege kvinner

MAi Stabell og Ingrid Aartun Bøe

TO «VANLEGE» KVINNER: Mai Stabell og Ingrid Aartun Bøe tok like godt med seg barna på Bergen kunstmuseum.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

– Ja det vil eg vel seia.

– Stort sett, ja.

Mai Stabell og Ingrid Aartun Bøe svarar begge «ja» på spørsmålet om dei ser på seg sjølv som representantar for den vanlege «kvinna i gata», når dei møter NRK.no på Festplassen i Bergen.

Dei går begge med på å sjekka ut om kunsten til Tony Matelli faktisk står på eigne bein og er sjølvforklarande.

– Like før dei dett i bakken

Utstillinga til Matelli viser ei rekkje situasjonar i grenselandet mellom det humoristiske og det groteske. Inne i utstillingslokalet i Bergen kunstmuseum skildrar dei to kvinnene kva dei ser.

– Det er like før dei dett i bakken, seier Mai Stabell og ser på ein skulptur med to personar som er i ferd med å få eit flygel over seg.

– Det er vel eigentleg ikkje så mykje igjen der, seier Ingrid Aartun Bøe

Tony Matelli stiller ut i Bergen

LIKE FØR: – Det er like før dei dett i bakken, seier Mai Stabell i det ho ser denne skulpturen.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

– Handlar om neste augneblink

Etter å ha gått igjennom utstillinga spør me dei to dei to føler dei forstår kva bodskapen er.

– Eg føler jo at det er ei meining med det, men eg veit jo ikkje om eg har funne den rette meininga, seier Stabell

– Med alle desse verka tenkjer eg på kva som vil skje i neste augneblink, når eg ser denne tenkjer eg på at glaset vert knust i bakken, og ser på ein vase med blomar som ser ut til å falla i bakken kva tid som helst.

I fritt fall

I FRITT FALL: – Eg vil at gjenstanden skal få deg til å tenke at det ligg ein intensjon bak, seier Matelli.

Foto: Lar Chr. Wallace / NRK

Kunstnaren sjølv er ikkje uroa for om forklaringa til den som ser ikkje stemmer med kva han sjølv tenkte då han laga kunsten.

– Folk kan knyta ei anna meining til verka enn meg, utan at det er feil. Men eg ønskjer i alle fall at folk skal tenkja gjennom kva som er meininga, og vita at det er ei meining bak, seier Matelli.

Redde for å misforstå

Mai Stabell trur Tony Mantell har eit poeng, og trur at redsla for å ikkje forstå, eller å tolka kunsten feil kan gjera at folk ikkje oppsøkjer utstillingslokala, og då særleg innan for meir eksperimentell kunst og samtidskunst.

– Om ein ser noko som du ikkje forstår, får du jo kanskje ei kjensle av at du har gått glipp av noko. Kanskje det får folk til å tenka at eg går ikkje på den utstillinga for eg kjem berre til å gå ut og føla at eg har misforstått noko, seier Stabell.

FALL: Eit av motiva til Tony Matelli på utstillinga i Bergen kunstmuseum

FALL: Eit av motiva til Tony Matelli på utstillinga i Bergen kunstmuseum.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK