Sundag vart Bergensbanen stengd etter at store steinblokker og jordmassar rasa over skinnegangen ved Mjølfjell.
Etter det NRK.no kjenner til kan det ta fleire veker før Bergensbanen kan opna igjen forbi rasstaden.
– Omfattande skadar
Måndag var Jernbaneverket og geolog på plass ved rasstaden.
– Det er omfattande skadar på både linja og skinnegangen, og rasoverbygget og kablar er heilt øydelagde, seier Jon Hermann Rivenes, som er prosjektleiar i Jernbaneverket.
– Berre det å sikra området kan ta fem dagar åleine, seier prosjektleiaren.
Måndag og tysdag vil om lag 2500 passasjerar verta råka av stenginga. Det er haustferie i Hordaland denne veka, noko som gjer at det er fleire reisande enn til vanleg.
I tillegg til raset fører problem med naudsambandet mellom Myrdal og Bergen at passasjerane må reisa med buss-for-tog på heile strekninga mellom Bergen og Oslo.
LES ÒG: Ber passasjerane møta som normalt
Skal studere fjellsida
Rivenes vil ikkje spekulera i kor lang tid det kan ta å få i gang drifta av jernbana.
– Ein entreprenør skal i ettermiddag opp å sjå på sjølve fjellet, først etter at det er gjort vil vi vite meir om tidsaspektet.
NRK.no får opplyst at det framleis skal vera lausmassar oppe i fjellsida.
LES ÒG: Opplevde raset som dramatisk