Hopp til innhold

Kan ta makta med sentrumskoalisjon

Kommuneval i dag ville gitt Arbeidarpartiet det beste resultatet på over tjue år. – Folk ønskjer ei forandring i Bergen, seier byrådsleiarkandidat Harald Schjelderup.

Harald Schjelderup

MEDVIND FOR AP: Harald Schjelderup (Ap) har god grunn til å smile. Partiet fossar forbi Høgre på ny meiningsmåling.

Foto: Bergen AP

I ei fersk måling utført av InFact Noreg AS på oppdrag frå Bergensavisen, seier 40 prosent av dei spurte at dei ville ha stemt på Arbeidarpartiet om det var kommuneval no.

40 prosent er ei enorm oppslutning for partiet som har stått utanfor byrådet sidan 2003.

– Mange ønskjer ei forandring i Bergen, ei ny leiing av byen og ein ny politikk, seier Harald Schjelderup til NRK.

Ap tek seks mandat frå Høgre

Den nye målinga gjev Ap 27 mandat, fire fleire mandat enn Høgre og Frp til saman.

– Beste resultat sidan kommunevalet i 1972 var 34 prosent i 1991. No ligg me over det, men det vert ein hard kamp om veljarane, seier Schjelderup.

LES OGSÅ: Ap og SV fosser frem i Bergen

Ønsker samarbeid med sentrumspartia

Med seks månadar att til kommunevalet i september, må Arbeidarpartiets fyrstekandidat sjå seg om etter samarbeidspartnarar for å sikre fleirtal i bystyret.

Marita Moltu

OPNE DØRER: Gruppeleiar i KrF, Marita Moltu, seier partiet ikkje ser bort frå eit samarbeid med Ap.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Ifølgje målingane presentert i Bergensavisen, vil Arbeidarpartiet kunne styre Bergen med Venstre og KrF.

– Det er ikkje sikkert eit samarbeid med venstresida gjev fleirtal. Difor har me har sagt ganske tydeleg at me ønskjer eit betre og tettare samarbeid med sentrum, seier Schjelderup.

Sentrumspartia ser ikkje bort frå samarbeid

KrF lukkar ikkje dørene for nokon, seier gruppeleiar i Bergen KrF, Marita Moltu.

Erlend Horn

ØNSKER BORGARLEG SAMARBEID: venstres fyrstekandidat Erlend Hord ser helst mot Høgre.

Foto: Sølve Rydland

– Det kjem an på kor sterke Høgre og Ap blir, og kva me vert tilbode.

Venstres fyrstekandidat Erlend Horn let som KrF døra stå på gløtt for Ap, men understrekar at dei ønsker eit borgarleg samarbeid.

– På årsmøtet i fjor haust gjekk me samrøystes inn for eit borgarleg byråd i Bergen. Det er det me går til val på, seier Horn.

Høgre susar nedover på målingane

Byrådspartia Høgre og Frp får 25,6 og 7,2 prosent av stemmene i Bergen i målinga. Veljarane er klare for ei endring, meiner Schjelderup.

– Det har vore mykje rot og bråk i bergenspolitikken. Så speler nok dei nasjonale forholda inn. Regjeringa har komme med ei rekke upopulære forslag som har rokka ved den norske folkesjela.

– Desse målingane er ei stadfesting på at mange ser Ap som eit stødig styringsdyktig parti.

LES OGSÅ: – Nå ser Ap-ledelsen muligheten i Bergen