Hopp til innhold

– Det vesle straumselskapet sel seg billig

Kraftmarknadsanalytikar meiner storaktøren Haugaland Kraft potensielt betalar 80 millionar kroner for lite for å få kjøpa det vesle samvirkeselskapet Fjelberg kraftlag. Første steg i den omstridde fusjonsplanen blir avgjort på torsdag.

f.v. Kristoffer Vannes, Sverre Olav Handeland og Olav Linga

SAMDE OM PRIS: Leiarane i Fjelberg Kraftlag er nøgde med at administrerande direktør Olav Linga i Haugaland Kraft (t.h.) vil betala 310 millionar kroner for selskapet.

Foto: Marius Tveit Nissestad / Grenda

– Berre fordi nokon bankar på døra di og seier at dei vil kjøpa huset ditt for marknadsverdi, er ikkje det dermed gitt at du skal selja, seier vasskraftanalytikar Roger Grøndahl i Cloudberry Advisory.

Han meiner straumnettselskapet Fjelberg kraftlag sel seg for billig i den planlagde fusjonen med Haugaland Kraft.

Den største verdien i det vesle kraftlaget er at dei eig 2,98 prosent av det svært lønsame vasskraftselskapet Sunnhordland kraftlag (SKL).

– Dersom ein hadde gått breitt ut i marknaden med SKL-aksjeposten og fått realisert ein god pris for denne isolert sett, så kan bodet frå Haugaland Kraft ligga opp mot 20 prosent under reell verdi, seier Grøndahl.

Roger Grøndahl

BILLIG: – 310 millionar kroner for Fjelberg Kraftlag og deira SKL-aksjar er truleg 80 millionar kroner for billig, meiner analysesjef Roger Grøndahl i rådgjevingsselskapet Cloudberry Advisory.

Foto: Cloudberry Advisory

310 millionar på deling

Som NRK fortalde i november, har styret i det 70 år gamle samvirkekraftlaget planar om å bli aksjeselskap og fusjonera.

Torsdag skal eit ekstraordinært årsmøte seia ja eller nei til omdanning til aksjeselskap, som er føresetnad for fusjon.

Ifølgje avtaleutkastet skal eigarane av Fjelberg Kraftlag få aksjar i Haugaland Kraft til ein verdi av 310 millionar kroner, og innan neste år krevja å få selja aksjane tilbake til Haugaland Kraft for same pris.

Etter fusjonen er dei 970 straumabonnentane som er medlem altså førespegla at dei kan få heile selskapsverdien utbetalt på deling.

Bad folk teia

Styreleiaren og dagleg leiar i selskapet understreka på eit informasjonsmøte i haust at det var lurt «at holde kjeft» om dette, slik at styremaktene ikkje stansar selskapsomleggjinga.

– Jo mindre av det som kjem ut i avisene og til Stiftelsestilsynet, jo sikrare er du på å få pengane i di lomme, sa fungerande dagleg leiar Kristoffer Vannes då eit medlem spurde om dei faktisk kan få kontantoppgjer i eiga lomme.

Informasjonsmøte i Fjelberg Kraftlag 15. oktober 2018

PENGAR I LOMMA: Leiarane i kraftlaget oppmoda medlemane å snakka minst mogleg om at fusjonen kan gi dei 310 millionar kroner i kontakt utbetaling på deling.

Foto: Privat

Styreleiar Sverre Olav Handeland i Fjelberg Kraftlag har tidlegare sagt at ein bodrunde mellom BKK og Haugaland Kraft pressa prisen på kraftlaget opp 60 millionar kroner i høve til det dei to selskapa i utgangspunktet meinte var verdien.

– Me har fått ein svært god pris for kraftlaget.

– Kvifor selja?

Motstandarar av fusjonen arrangerte måndag kveld eit informasjonsmøte der kraftmarknadsanalytikar Roger Grøndahl presenterte si verdivurdering av selskapet.

Han meiner det ikkje har kome klart nok fram at SKL-aksjane utgjer det meste av verdiane i selskapet.

– Spørsmålet er kvifor ein skal selja desse aksjane til marknadsverdi når ein like gjerne kan behalda dei og få utbyte.

Kart over Blåfalli-kraftverka

GULLGRUVA: Blåfalli-kraftverka sør for Folgefonna gjer Sunnhordland Kraftlag svært lønsamt.

Foto: SKL

Grøndahl meiner tilbodet til Haugaland Kraft på 310 millionar er omtrent marknadsverdien, men at andre aktørar kan vilja betala endå meir for aksjane.

Han har då samanlikna med prisen då 10 prosent av Hafslund Produksjon vart seld i sommar.

– Det har blitt omsett minoritetspostar innan norsk vasskraft for betydeleg høgare summar enn dette, seier vasskraftanalytikar Roger Grøndahl i Cloudberry Advisory.