NRK Meny
Normal

Millionar på spel for Brann

Sølv i serien og cupgull på søndag, vil gje eit kraftig løft for økonomien i Brann. Men forskjellen på suksess og fiasko er mange millionar kroner.

Brann-spillerne takker fansen etter kampen mot Sarpsborg

VIKTIG MED SUKSESS: Dersom Brann klarer sølv i serien og cupgull vil det bety fleire millionar kroner ekstra i klubbkassa.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

Braksigeren mot Rosenborg førte Brann tilbake i medaljestriden i eliteserien. Reint øknomisk er dei to siste seriekampane viktigare enn eit cupgull.

Søndag møtest Aalesund og Brann til cupfinale på Ullevaal, og vinnaren stikker av med 1,8 millionar kroner. Til samanlikning er skilnaden på sølvplass i serien og ein sjuande plass tre millionar kroner.

Roald Bruun Hanssen

FIN BONUS: Dagleg leiar i Brann, Roald Bruun-Hansen, trur pengane kan gje klubben både eit økonomisk og sportsleg løft.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Kjempar om sju millionar

Totalt deler Norsk Toppfotball ut 28,7 millionar kroner i plasseringsbonus i eliteserien. Molde har alt sikra seg 5,7 millionar for seriegullet.

Laget som blir nummer to får 4,6 millionar, 3. plassen gjev 3,5 millionar, mens laget som endra på 4. plass kan innkassera to millionar kroner. Frå 4. plass og nedover skrumpar plasseringsbonusen med 144.000 kroner for kvar plass.

Med sølv i serien og gull i cupen, kan Brann sjå fram til neste kontoutskrift frå banken. I reine prispengar betyr det over sju millionar kroner. For cupsiger eller medalje i serien gjev også europacupsspel som betyr minumum 100.000 euro i bonus.

Får meir armslag

Utsikter til milliongevinst er positivt for klubben.

Dagleg leiar i Brann Roald Bruun-Hanssen ser at pengane kan gje eit sportsleg og økonomisk løft for neste sesong.

– Alle inntekter er kjærkomne og positive for klubben. Gode sportslege resultat har ein dobbelteffekt i form av betre øknomi og styrka omdømme av klubben. No er ikkje millionane på plass heilt enno, men det er ein mulighet som er motiverande for oss. Pengane vil gje oss meir armslag for sportsleg satsing.

– Viktige pengar for Brann

Brannekspert Magnus Johansson trur medaljesjansane er innan rekkevidde.

– Det er veldig realistisk når ein kan slå Rosenborg borte med 6-3. Eg kan ikkje sjå kven som kan slå Brann etter dette. Spelarane er sultne på suksess og det er det som blir avgjerande på kva plassering dei får og om dei vinn cupfinalen. Forskjellen på ein 3. og 4. plass er 1,5 millionar kroner til klubben. Det bør spelarane bli gjort merksam på i høve til instilling, dersom dei tapar cupfinalen.

Anstrengt øknomi dei siste åra tvinga Brann til nedskjeringar. Administrasjonen blei slanka og klubben kvitta seg med dyre spelarar.

Med utiskter til ein god slump pengar har Brann muligheit til å velga spelarar på eit høgare nivå.

– Eg håpar spelarar og klubben forstår at ein må spela heile sesongen. Å kunna velga og vraka litt høgare oppe blant spelarar er viktig. Det ønskjer alle klubbar. Kan ein sjølv spela inn pengane er det det beste, kontra å låna pengar av investorar. 1,5 millionar kan lønna to spelara, seier Johansson.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.