Hopp til innhold

– Aktiviteten i olje- og gassnæringa er på veg ned

Fleire arbeidsplassar i olje- og gassnæringa kan forsvinne. – Me må konstatere at oljeindustrien er utsett for relativt stort press, seier Ole Hope i Business Region Bergen.

Gullfaks C

OLJENÆRING PÅ HELL? – Me må konstatere at oljeindustrien hjå oss er utsett for relativt stort press. Me ser det på signala som kjem frå dei store oljeselskapa det siste året. Dei kjem til å kutte kostnadar, seier administrerande direktør i Business Region Bergen Ole Hope. Biletet er frå Gullfaks utanfor Vestlandskysten.

Foto: Øyvind Hagen / StatoilHydro / Øyvind Hagen

Ordfører i Lindås Astrid Aarhus Byrknes

MÅ OMSTILLE SEG: – Kva gjer me framover? Kva er framtida når me veit at olje – og gass næringa er på veg nedover?, spør Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes

Foto: Leif Rune Løland / NRK

190 tilsette i seismikkbedrifta Western Geco i Knarvik mister fredag jobben etter at leiinga tidlegare i år bestemte seg for å leggje ned avdelinga.

LES OGSÅ: Mister jobben – får tilbud om ny i Malaysia

– Det er inga tvil om at aktiviteten i olje – og gass næringa er på veg ned, men om det vil råke i større omfang enn det me ser no, er vanskeleg å seie, seier assisterande fylkesdirektør i NAV, Tommy Johanssen.

– Me manglar eit større fagmiljø

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes meiner regionen no må tenkje nytt når stoda er som ho er. Ho etterlyser ein debatt kring næringa i Bergensregionen.

– Regionen vår er svært olje – og gassrelatert, så me burde hatt fleire bein å stå på. Kva gjer me framover? Kva er framtida når me veit at olje – og gass næringa er på veg nedover?, spør Byrknes.

– Arbeidsplassane som kan erstattast med billigare arbeidskraft andre plassar vil alltid vere utsett for press.

Ola Hope, Business Region Bergen

Innovasjon og utvikling av ny teknologi hadde hatt ei framtid i Nordhordland, meiner Lindåsordføraren. Ho skulle gjerne sett at det var fleire høgkompetanse arbeidsplassar i Nordhordland, spesielt innan høgteknologiutvikling.

– Eg saknar litt av den driven i regionen. Det er mange andre område eg tenker me burde ha sett på, som vindkraft, solenergi, bioenergi. Desse områda har me ikkje gripe heilt fatt i.

Assisterande fylkesdirektør i NAV Tommy Johanssen, meiner at dei som no mister jobben i olje – og gassnæringa må førebu seg på å sjå i nye retningar.

– Skal du ha ein arbeidsplass nær der du bur, bør du vere fleksibel og gjerne velje andre typar yrke. Er ein villig til å flytte på seg, kan ein sikkert få noko opp mot det ein har hatt tidlegare, seier han.

LES OGSÅ: – Norsk olje og gass er ingen fremtidsnæring

(Artikkelen held fram under biletet)

Assisterende fylkesdirektør i Nav, Tommy Johansen

OLJE-OG GASSNÆRINGA PÅ VEG NED: – I dei fleste næringar er det optimisme på Vestlandet, med unnatak av olje- og gass, seier assisterande fylkesdirektør i NAV, Tommy Johanssen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Kan risikere at fleire arbeidsplassar forsvinn

Seinast måndag fekk Business Region Vest presentert ei undersøking der det kjem fram at oljeindustrien skal halde oppe nivået dei er på i 2014 og 2015.

Ole Hope

NÆRINGA MÅ OMSTILLE SEG: Oljenæringa vil framleis vere ein stad for å skape verdiar. Men skal leverandørindustrien følgje med, blir dei nøydd til å gjere noko med kostnadane, meiner Hope.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Men me må konstatere at oljeindustrien hjå oss er utsett for relativt stort press. Me ser det på signala som kjem frå dei store oljeselskapa det siste året. Dei kjem til å kutte kostnadar, seier administrerande direktør i Business Region Bergen Ole Hope.

Ifølgje han handlar dette om at bedriftene heile tida leitar etter nye måtar å gjere drifta meir lønsam. Oljenæringa vil framleis vere ein stad for å skape verdiar. Men skal leverandørindustrien følgje med, blir dei nøydd til å gjere noko med kostnadane, meiner Hope.

– Arbeidsplassane som kan erstattast med billigare arbeidskraft andre plassar vil alltid vere utsett for press. Eg er redd me må innsjå at me kan risikere å miste dei arbeidsplassane som blir utsett frå konkurranse frå andre deler av verda.

– Arbeidsplassar der ein krev høg kompetanse og nærleik til kundane, er dei arbeidsplassane me kjem til å framleis ha hos oss, slår Hope fast.

Trur ikkje oljealderen er på hell

Hovudtillitsvald Ann Kristin Leirvåg ved Western Geco i Knarvik, meiner at eigarkonsernet Schlumberger burde ha satsa vidare på å utvikle og produsere seismikkablar i Knarvik, sjølv om det dei siste åra er blitt mindre leiting etter olje- og gassleiting i verda.

– Western Geco er ikkje økonomisk svak. Alt skal vere profitt. Dei vil tene meir enn det dei gjer per dags dato.

– Er dette eit forvarsel om at oljealderen er på hell?

Det trur eg ikkje på. Eg kan ikkje sjå at me skal slutte å ha ei oljenæring, sjølv om norsk næringsliv kanskje må tenke omstilling utfor olja.

– Eg har ikkje høyrt om nokon som vil byrje med vindmøller. Men kanskje det er eg som skal gjere det, eg som bur ute i Austrheim, seier Leirvåg.

WesternGeco hovedtillitsvalgt, Ann Kristin Leirvåg

VIL IKKJE GJE OPP OLJE: Hovudtillitsvald Ann Kristin Leirvåg ved Western Geco i Knarvik, meiner at eigarkonsernet Schlumberger burde ha satsa vidare på å utvikle og produsere seismikkablar i Knarvik, seier Ann Kristin Leirvåg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK