Hopp til innhold

Kan lyskrysset endeleg hjelpa mot køane?

Dette krysset har fått skulda for dei lange køane i rushtida på riksveg 555 på Sotra. Onsdag morgon blir det lysregulert. – Det blir spennande å sjå korleis det vil fungera, seier ordføraren.

Lyskryss Fjell kommune

FULL DRIFT I MORGON: Biletet er tatt under testing av signalanlegget i Valenkrysset. Anlegget vil bli sett i full drift frå i morgon.

Foto: Erling Matthiessen

– Det er mange som har kome til meg og lurt på når vi skal setja i gong med lysreguleringa, fordi dei er så spent på om dette vil hjelpa, seier ordførar i Fjell kommune, Eli Årdal Berland.

Eli Berland

GLER SEG: Ordførar i Fjell kommune, Eli Årdal Berland håpar lyskrysset skal vera med å gje betre flyt og avvikling frå riksvegen.

Foto: NRK

Etableringa av lyskrysset i Skjergardsvegen/Arefjordvegen på riksveg 555 vart vedtatt for over to år sidan og anleggsarbeidet vart sett i gong i januar i år. No er endeleg lysreguleringa på plass.

– Lysreguleringa vert no ferdigstilt, så det skal vera oppe å gå frå onsdag, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Erling Matthiassen.

Håpar på betre trafikkflyt

Krysset i Skjergardsvegen/Arefjordvegen er eitt av dei kritiske punkta i rushtida om morgonen og om ettermiddagen på riksveg 555. Bilistar som skal ut og inn i krysset sperrar for trafikken på riksvegen.

– Det var veldig lange køar, og vi fann ut at vi berre måtte gjera noko, seier Berland.

På nyåret i 2013 gjennomførte kommunen saman med politiet og Statens vegvesen eit prøveprosjekt der dei sat inn manuell trafikkdirigering. Formålet var å sikra betre trafikkflyt i rushtida og der dei skulle kartleggja om det var behov for å endra dei permanente reguleringane i krysset.

Trafikkaos på Sotra

KØ: Det er ofte lange køar på riksveg 555.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Signalregulering

Det kom fram i evalueringa at resultatet av dirigeringa var god. Difor vart det vedteke å setja opp lysregulering i krysset. I dag blir endeleg lysreguleringa sett opp i håp om å betra flyten på riksvegen.

– Vi håpar dette skal vera med å gje betre flyt og avvikling frå riksvegen, seier Matthiassen.

Det blir truleg relativt lange intervall med raudt lys inn og ut frå Valenkrysset.

– Det blir spennande å sjå kor lange intervall vi skal ha og korleis det vil fungera. Eg håpar det vil hjelpa mot kødanninga, samtidig er eg veldig spent på kva verknaden faktisk blir, legg Berland til.

Valenkrysset