NRK Meny

Kan ha sendt nødmelding for seint

Kapteinen på lasteskipet "Server" kan ha venta for lenge med å senda ut nødmelding før havariet - for å spara pengar.

"Server" i ferd med å synke
Foto: Anders Jørgensen / NRK

Artikkelen er flere år gammel.

Kapteinen og tre av mannskapa har nå blitt avhøyrt.

Lensmann Einar Vatne i Lindås og Meland kommune, leier etterforskinga.

Han fortel at trafikksentralen på Fedje kalla opp skipet før havariet, fordi dei såg at dei var på feil kurs, og gjekk seint.

Ville ikkje innrømma at "Server" var på feil kurs

Då trafikksentralen ba "Server" om å legga kursen mot vest, svara kapteinen gjentekne gonger at det gjorde han. Men framleis såg trafikksentralen at han gjekk i heilt feil lei.

Men fyrst like før dei gjekk på grunn, sendte M/S "Server" ut Mayday-signalet.

Prøver å berga seg for eigen maskin

"Server" skal ha sett av los og eit mannskapsmedlem som var sjuk ved Fedje, og var på veg ut i ope hav.

Sør om Hellesøy fyr har dei fått problem med maksineriet.

- Det er ikkje uvanleg at eit skip prøver å berga seg for eigen maskin, før dei sender ut naudmelding, seier Vatne.

- Ved å berga seg sjølv, slepp rederiet utgiftene med ein redningsaksjon.

M/S "Server" forpart taues til kai
Foto: Anders Jørgensen / NRK

 

 

 

Siste video

Amerikanske Ashley og turfølget gikk seg vill i tett snødrev på veg til Trolltunga. Nå takker hun redningsmannskapet for livet.
Amerikanske Ashley og turfølget gikk seg vill i tett snødrev på veg til Trolltunga. Nå takker hun redningsmannskapet for livet.