NRK Meny
Normal

Kan gå ubesgra gjennom sesongen

For fyrste gong på 2000-talet kan eit norsk herrelag i volleyball gått ubesegra gjennom serie, cup og sluttspel.

Nyborg

HAR TRUA PÅ SEIER: Nyborg spelar Kristian Bjelland, trur laget har ein god sjanse til å vinne sluttspelet.

Foto: Nvbf

– Magekjensla er veldig bra. Vi har god sjanse til å vinne dette her, seier Nyborg spelarane Kristian Bjelland og Ask Helland-Hansen.

I dag er det finale i eliteserien i volleyball i Stemmemyrshallen. Her skal Nyborg kjempe om den gjeve tittelen, seriemeister 2014/2015.

Dei har allereie vunne NM cupen i volleyball og med seier i årets sluttspel sikrar Nyborg seg serietittelen for 10. gang sidan 1997.

– Om vi vinn denne kampen så vil vi gå uovervunnen gjennom heile sesongen. Så det er noko vi har lyst å prøve på, seier Bjelland.

Null tap

I går møtte dei Kristiansund i semifinalen i sluttspelet, og vann kampen 3–0. I dag ventar eit siste hinder for å gjere sesongen historisk.

Inkludert fire NM-kampar har Nyborg til no vunne 19 strake kampar denne sesongen. Dei to volleyballspelarane trur mykje av grunnen til det gode spelet ligg i treninga deira.

– Vi har eit veldig bra treningsgrunnlag, og ein brei topp som gjer at vi får gode treningar saman. Dette er veldig viktig, seier Helland-Hansen.

Nyborg

VIDARE FRÅ SEMIFINALE: I går spelte Nyborg mot Kristiansand i semifinalen. Nyborg vann kampen 3–0.

Foto: Eivind Pettersen

Sluttspel på heimebane

I dag er det klart for finale mellom Nyborg VBK og BK Tromsø i Stemmemyrshallen. Bjelland meiner det er ein stor fordel å få spele sluttspelet på heimebane.

– Vi er vane med omgivnadane og banen. I tillegg så har vi eit heimepublikum som støtter oss i ryggen. Det er vanvettig kjekt og då enklare å prestere bra, seier Bjelland.

– Korleis er det å drive ein idrett på så eit høgt nivå, men samtidig vere i skuggen av andre store idrettar?

– Det er sjølvsagt veldig kjedeleg, men samtidig så har alle forskjellige interesser. Vi synest det er kjekt å spele volleyball uansett kor mange som ser og heier på oss, men det er sjølvsagt kjekkare når det er masse folk, legg Bjelland til.

Siste video

Programleder: Marte Rommetveit
Her fortsetter de diskusjonen utenfor studio