Hopp til innhold

Byrådet i Bergen kan kollapse

Ap, Høgre og FrP har blitt einige, men i bybaneavtalen er det fleire punkt KrF nektar å gå med på. Det betyr at det kan gå mot byrådskrise i Bergen.

Pressebrief etter bybanemøte

UTAN KRF: Ap, Høgre og FrP la i dag fram bybaneavtalen KrF ikkje vil gå med på. Denne alliansen kan knuse byrådssamarbeidet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Marita Moltu

KAN GÅ MOT KRISE: Gruppeleiar for Høgre, Marita Moltu, seier situasjonen er alvorleg for byrådssamarbeidet.

Foto: Bergen Kommune/Rolf Hordnes

Høgre, Ap og Frp la i ettermiddag fram avtalen dei har inngått om bybanetraseen til Åsane.

Problemet er at det er fleire punkt i avtalen KrF seier dei nektar å gå med på.

KrF har allereie sett ein byråd gå av i saka, og no er spørsmålet om dei vel å trekke seg frå byrådssamarbeidet i sin heilskap.

– Alvorleg for samarbeidet

– Dette er ein svært alvorleg situasjon for samarbeidet, vi hadde ein avtale med Høgre og FrP og vi er veldig overraska over at dei no har blitt einige med Ap om noko vi ikkje kan stå inne for, seier Marita Moltu.

Kan dette føre til byrådskrise?

- No ligg ballen hos Høgre og FrP. Dei må gå ut og seie kva dei har blitt einige med Arbeiderpartiet om. Vi står fast bestemt på at vi hadde ein avtale, seier Moltu.

Dette er KrF ueinige i

Det KrF ikkje kan akseptere er at det i avtalen mellom H, AP og Frp, ligg inne at dersom Kjøttbasaren ikkje kan realiserast, skal ein utelukke alternativet over Bryggen.

H, Ap og FrP ønskjer også å ta inn alternativet som går på forlenging av Fløyfjellstunnelen, noko KrF heller ikkje vil gå med på.

– Dei bør kunne akseptere det

– Dette synest eg KrF bør kunne akseptere, seier gruppeleiar i Høgre, Dag Skansen.

Under pressebriefen sa Skansen også at dei punkta KrF er ueinige i, er for små til å bryte eit politisk samarbeid i byrådet.

– Målet med avtalen var å skape eit breiast mogeleg fleirtal, seier Skansen.

Stolt-Nielsen forstår om KrF trekk seg

Ragnhild Stolt-Nielsen

FORSTÅR KRF: Byrådsleiaren, Ragnhild Stolt-Nielsen i Høgre, har ikkje vanskar for å skjøne at KrF vurderer å trekke seg frå byrådet.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

– Eg skjønar at KrF synest samarbeidsklimaet i byrådet er svært krevjande, seier byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen i Høgre.

Torsdag førre vekke blei avtalen mellom byrådspartia lagt fram. Allereie då følte KrF at dei hadde inngått vanskelege kompromiss i saka.

– Om KrF føler at det blir vanskeleg å halde fram i byrådet skjøner eg det. KrF ser det nok slik at vi hadde lagt fram ein avtale alle byrådspartia kunne vere einige i, seier Stolt-Nielsen til NRK.

– Kva vil du som byrådsleiar gjere for å rydde opp i denne situasjonen?

– Eg vil følgje saka fram til bystyret si behandling, og så må vi då finne ut korleis det er best å handtere denne saka, seier Stolt-Nielsen.