Hopp til innhold

Vurderer eiga legevakt for influensasjuke

Bergen kommune vurderer å oppretta ei eiga legevakt for svineinfluensa-sjuke.

sykepleier med munnbind
Foto: Per Ole Lindhjem / NRK

- Me diskuterer om me skal oppretta ei svineinfluensa-legevakt. Men me har ikkje avgjort om me vil gjera det eller ikkje enno, seier overlege ved helsevernetaten i Bergen kommune, Arve Bang.

LES OGSÅ: Ynskjer regional influensatelefon | Lagar eigen svineinfluensa-legevakt

Kva synest du? Er det naudsynt med ei eiga legevakt for influensasjuke? Sei di meining nedst i artikkelen!

Ikkje behov enno

Bergen kommune har dryge 200 fastlegar. Dersom prognosane i høve svineinfluensaen slår til, vil fastlegane få om lag 90 000 konsultasjonar kvar veke i dei såkalla toppvekene.

- Fordeler ein alle desse konsultasjonane ut i Bergen, er det snakk om fem eller seks henvendingar per fastlege i Bergen kvar dag. Det reknar me med at fastlegane klarer når dei er førebudde på det, seier Bang.

I så måte ser ikkje helsevernetaten noko behov for ei eiga legevakt for folk som har blitt råka av svineinfluensaen.

- I tillegg har dagens legevakter god kapasitet heile døgeret, presiserer Bang.

Omorganisering

- Dersom fastlegane får for mange henvendingar eller at folk til dømes blir svært redde og ringjer mykje, må me derimot oppretta ei eiga legevakt for svineinfluensa-spørsmål, seier overlege Bang.

Han fortel at det i eit slikt tilfelle kan bli aktuelt å gjera ei av legevaktene i ein av bydelane om til eit slikt midlertidig "svineinfluensa-senter".

- Det er ei smal sak å gjera ei av desse legevaktene om til eit slikt senter. Det einaste ein treng å gjera i så måte er å kalla inn personale, seier Bang.