NRK Meny
Normal

Kan du sjå kva bygning dette er?

I anledning grunnlovsjubileet fekk Pepperkakebyen i Bergen overrekt eit noko spesielt peparkakehus, og ikkje av kven som helst. Bakaren var sjølv til stades, og han er landslagsbakar.

Spesielt pepperkakehus

SJÅ VIDEO: Nikolai Meling var personleg til stades for å overrekke det noko spesielle peparkakehuset til Pepperkakebyen. Videojournalist: Kjartan Lægreid.

Overrekking av spesielt pepperkakehus

HØGTIDELEG: Ein stolt Nikolai Meling overrekkjer Eidsvollsbygningen i peparkake til pepperkakebyarkitekt Kjersti Hjelmeland Brakstad (høgre). I midten er opphavspersonen til ideen og dagleg leiar i Opplysningskontoret for brød og korn, Torunn Nordbø.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

– Eg synst peparkakehuset vart bra til å vera meg, seier Nikolai Meling.

Det er han som har fått æra av å bake sjølvaste grunnlovsbygget til Pepperkakebyen, nemleg Eidsvollsbygningen.

Bakaren frå bakelandslaget var sjølv til stades i Pepperkakebyen i Bergen då Eidsvollsbygningen vart plassert midt imellom dei mange kunstverka.

– Når eg ikkje har bygd eit peparkakehus sidan barnehagen, så må eg seie at eg er nøgd, seier han og ler.

Sjå video frå overrekkinga øvst i saka.

– Eg er imponert

Gunnar Bakke

IMPONERT: Styreleiar Gunnar Bakke i Opplysningskontoret for brød og korn var svært imponert av byggverket til Nikolai Meling.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Det er Opplysningskontoret for brød og korn (OBK) som kom på den fikse ideen om å bake peparkakehus av Eidsvollsbygningen. Dei bestilte verket for å feire 200-årsjubileet og for å setje eit verdig punktum på jubileumsåret.

– Eg er svært imponert. No er dette laga av ein av dei flinke på bakelandslaget, så eg har ingen grunn til å stille nokon spørsmål om dette ikkje er eit fantastisk bakeverk, seier styreleiar Gunnar Bakke i Opplysningskontoret for brød og korn.

– Dette er jo slutten av grunnlovsjubileet, og Pepperkakebyen er jo ein fantastisk måte å vise fram bakverk på, så difor brukte me ein av bakelandslaget sine flinke kandidatar til å lage Eidsvollsbygningen, seier han.

Utfordrande byggverk

Nikolai Meling

NØGD: Landslagsbakar Nikolai Meling var nøgd med å ha laga peparkakehus av Eidsvollsbygningen.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Sjølv om Nikolai Meling er landslagsbakar var ikkje utfordringa om å bake Eidsvollsbygningen noko han tok lett på.

– Dei tre siste dagane eg har halde på med det, så har eg vore på jobb 12–13 timar, og så har eg brukt circa seks til åtte timar på bygget kvar dag, seier Meling.

Byggverket er 40 centimeter langt, og 40 centimeter breitt. Høgda er på rundt 35 centimeter, og heile fire kilo peparkakedeig gjekk med i bakeprosessen.

Nikolai Meling brukte totalt fire dagar på å byggje Eidsvollsbygningen som peparkakehus.

– Det har jo gått eit par timar i det, då, så det har vore litt slit, seier Nikolai Meling med eit smil om munnen.

Gå til forsiden

Spesielt pepperkakehus til pepperkakebyen

Spesielt pepperkakehus

Spesielt pepperkakehus til pepperkakebyen

6 bilder

    Siste video

    Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
    Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
    Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo