Hopp til innhold

Ulrik (2) kan fleire bilmerke enn dei fleste

Toåringar flest har nok med å skilje bil frå buss, men Ulrik kan med rette kalle seg ein ekte bilekspert.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Ulrik er berre to og eit halvt år gamal, men kan fleire bilmerke enn dei fleste.

– Det er ein Volkswagen og der står ein Volvo, seier Ulrik på to og eit halvt år.

Han har full kontroll på bilmerkene utanfor barnehagen, og veit sjølvsagt kven som køyrer kva slags bil.

– Ho køyrer elbil og skal heim no, seier Ulrik medan han peikar ut glaset.

Oppsøkjer mest mogleg rushtrafikk

Toåringen er ein skikkeleg bilekspert, som kjem av at han har ein veldig bilinteressert far.

Familien Kallkleiv

BILINTERESSERT: Heile familien Kallekleiv har lært seg ulike bilmerke etter at Ulrik vart så interessert.

Foto: Ole-Andre Lagmandokk

– Han har nok lagt merke til entusiasten i stemma mi når eg har følgt med på ulike bilar som har køyrt forbi eller som har kome på tv, seier Kallekleiv.

Medan dei fleste prøver å finne rolege stiar der det er fredeleg og roleg, har familien Kallekleiv litt andre preferansar.

– Her er det om å gjere å oppsøkje mest mogeleg rushtrafikk for å sjå på dei ulike bilane som køyrer forbi når vi er på trilletur, seier Kallekleiv.

Både merke og modell

Dei første orda Ulrik lærte seg før han var eit år gamal, var ulike køyretøy, som bil og traktor. Dette var og det einaste han ville leike med.

– Andre syntest det var fasinerande at han var så liten og kunne så mykje om bilar. Det gjorde at mange gav han bilar i gåve, og så har det berre balla på seg, seier Kallekleiv.

Ulrik

BILAR OVERALT: Det er heilt klart at Ulrik er glad i bilar.

Foto: Ole-Andre Lagmanndokk

Sjølv om Ulrik ikkje kan lese endå, så er rekorden til Ulrik så langt 39 ulike merke, og kanskje dobbelt så mange modellar.

– Det der er ein Nissan Qashqai, skrik Ulrik ut med eit breitt glis rundt munnen.

– No har vi kome dit at vi må modernisere dei gode gamle eventyra til å handle om bilar så han blir interessert. No er det ikkje dei tre bukkane bruse, men Mini Cooperen, BMWen og Range Roveren som skulle over brua og til seters, forklarar faren.

Guteorientert leik

– Det morosame er at han kan så mange merke og modellar, men det er ikkje før i det siste at han klart å lære seg ulike fargar. Det har han ikkje vore interessert i å lære seg før no, seier Kallekleiv.

Kallekleiv hadde heile fellespermisjon med Ulrik, det trur han kan ha vore med på at Ulrik har fått meir guteorientert leik og interessa for bilar.

– Men det har jo berre vore ein vinn-vinn situasjon for meg, for vi har heller sett på bilprogram i staden for barne-tv, flirer Kallekleiv.

  • Sjå fleire videoar av bilinteresserte Ulrik under:
Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Det er ikkje lett å bestemme seg for ein bil i leikebutikken.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Ulrik får prøve å sitje i bilen til NRK.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå Ulrik ramse opp alle bilmerkene til faren. foto: Privat.