Hopp til innhold

Kan bli våtaste juli på over 20 år

Bikinien har blitt bytta ut med regnklede og paraply for bergensarane i sommar. No er nedbørsrekorden for juli i ferd med å bli slått.

Regnvær i Bergen

TRIST: Det har for det meste vore vått og grått i Bergen dei siste vekene.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Det er jo litt kjekt med rekordar, sjølv om denne er litt trist! Temperaturane har ikkje vore så ille i sommar, då. Rundt ein halv grad over normalen, fortel statsmeteorolog Ander Sivle oppmuntrande.

Etter eit nydeleg varmt vær dei første vekene i juni, har regnet kome i strie straumar over heile Hordaland i juli.

Det har regna så mykje at ein kjedeleg rekord er i ferd med å bli slått i Vestlandets hovudstad.

– Regner det 13,3 millimeter de tre siste dagane av månaden blir det ny rekord, seier Sivle.

Rekord frå 1995

Den gamle nedbørsrekorden for juli er frå 1995 og lyd på 247,6 millimeter nedbør.

Målingane blei gjort på målestasjonen på Florida, som starta i 1983. Berre i går blei det målt 25,9 millimeter nedbør på Florida.

– Det ser ut til at det kjem regn alle dei tre neste dagane. Eg tvilar på at rekorden ryk i dag, men kanskje når me målar på laurdag morgon. Det er litt uberekneleg mengder regn som er meldt, så det er vanskeleg å slå fast noko heilt sikkert, seier Sivle.

Uansett, rekord eller ikkje, det er lite sol og varme i vente for hordalendingane den kommande helga.