Hopp til innhold

Kommunen sjekkar skular og barnehagar for asbest

Garnes ungdomsskule er stengt etter funn av det kreftframkallande stoffet. No skal kommunen gå gjennom fleire skular og barnehagar på ny, slik ein gjorde i 1999.

Undersøker asbest ved Garnes ungdomsskole i Bergen

UNDERSØKER: Tom Eriksen er av dei som undersøkjer funnet av asbest på Garnes ungdomsskule i Arna.

Foto: Erling Johnsen / NRK

– Me går gjennom rapportane for andre skular og barnehagar og gjev ei vurdering på kor det framleis kan vera asbest, seier Harald Blytt, leiar i byggteknisk avdeling i Bergen kommune.

Bergens Tidende melde i dag at Garnes ungdomsskole må stenga heilt etter funn av asbest i gymsalen og i hovudbygget.

Foreldra har fått beskjed om at det blir alternativt opplegg for elevane, og at skulen er mellombels stengt. Gymsalen vil bli stengt fram til sommaren.

– Me arbeidar no med å kartlegga omfanget og setta i verk nødvendige tiltak. Me har god dialog med Etat for helsetenester om dette og følger deira anbefalingar. Elevane vil ikkje bli sendt tilbake på skulen før det er trygt, seier byråd for finans, eigedom og eigarskap, Dag Inge Ulstein.

Asbest-ekspert ved Garnes ungdomsskule

Asbest-ekspertar undersøkte i dag Garnes ungdomsskule i Arna.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

Sjekka skular i 1999

Den siste store kartlegginga av asbest på skular og barnehagar i Bergen vart gjort i 1999.

– Asbesten som er funnen i gymsalen var ikkje påvist i rapporten frå 1999, seier Blytt.

– Kva som gjer at den ikkje vart oppdaga?

– Det er vanskeleg å seia. Det var eksterne som gjorde undersøkingane for oss. Så eg kan ikkje svara på kvifor det ikkje var avdekka den gongen.

Han presiserer at det er gjort ein del utbetringar sidan 1999, men at i lys av funna på Garnes må dei gjera grundige vurderingar.

– Det er for tidleg å seia endå kva omfanget er. Men me vil gjera dei tiltaka som er naudsynte for å sørga for at dette er sikkert og trygt.

Stengt i fleire veker

Bergen kommune skriv i ei pressemelding klokka 13.00 at Garnes ungdomsskule vil vera mellombels stengt til over påske- og vinterferien. Gymsalen, der det først vart funne asbest, blir stengt fram til sommaren.

Asbestekspertar har i dag gjort undersøkingar fleire stader på skulen, og svaret på prøvane får dei i morgon. I kveld har kommunen invitert foreldre som har barn på skulen til informasjonsmøte.

Det skjer i gymsalen på Ådamarka skule klokka 18.00 tysdag kveld.

Garnes ungdomsskule stengt

STENGT: Elevar og tilsette møter no stengde dører på Garnes ungdomsskule.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

Tar ikkje helsesjekk av elevar

Funnet av asbest på skulen vert omtala som alvorleg, men etat for helsetenester i Bergen kommune reknar likevel helserisikoen som minimal for elevar og tilsette på skulen.

– Helseverneininga har i dag hatt kontakt med Folkehelseinstituttet og Statens arbeidsmiljøinstitutt. Dei opplyser at helserisikoen ved mogleg eksponering på skulen er å sjå på som minimal.

– Det har derfor inga hensikt å utføra helseundersøkingar av elevar eller tilsette ved skulen, seier overlege Arve Bang i Etat for helsetenester.