Hopp til innhold

Kan bli første kommunepolitikar med Downs syndrom

Runar Søreide Skogedal stiller til val for SV. Han kan bli den første med Downs syndrom i eit kommunestyre.

Runar Søreide Skogedal

KLAR FOR KAMP: – SV vil jobbe for fleire aktivitetar for vennene mine, seier Runar Søreide Skogedal.

Foto: Svein Olav Langåker/Framtida.no

Vallogo

Det er avisa Framtida.no som først fortalde om den unge politikaren. Skogedal står på 6.-plass på lista til SV i Fitjar. Han vil jobbe for arbeidsplassar og betre fritidstilbod for utviklingshemma i kommunen.

Han kan bli historisk dersom han blir valt inn.

– Det er litt skummelt, seier han til avisa Framtida.

I dag jobbar 23-åringen på Podlen Verkstad med å pakke ved. Noko av det han vil jobbe for er fleire tilrettelagde arbeidsplassar i hans eiga nærmiljø, slik at utviklingshemma slepp å reise til nabokommunen Stord for å få jobbe.

– No må alle reise til Stord og Leirvik for å jobbe. Då blir vi slitne, seier Skogedal til avisa.

– SV vil jobbe for fleire aktivitetar for vennene mine. Vi vil trene, gå på klubb og andre ting.

Sonen til ordførarkandidaten

Skogedal er ikkje negativ til kommunesamanslåing, som har vore foreslått. Han seier og at det er viktig at Fitjar vil ta imot fleire flyktningar til kommunen.

For den unge representanten har det kanskje vore kortare veg inn i politikken, fordi far Geir Tore Søreide er SV sin ordførarkandidat.

– Runar er flink til å ta ordet i forsamlingar og god til å snakke for det han brenn for, seier Søreide senior til avisa.

Runar Søreide Skogedal (23) og faren Geir Tore

STOLT: Far Geir Tore, også han SV-mann, trur Runar kan gjere ein god jobb for kommunestyrepolitiker.

Foto: Framtida / Svein Olav B. Langåker

Meiner det er på tide

Den unge politikaren får støtte for at han stiller til val av mellom anna professor Frank Aarebrot. Runar Søreide Skogedal sine sjansar for å bli valt inn er små, som ein 6.-kandidat i ei mindre kommune, men det er ikkje umogleg dersom innbyggjarane vil det seier Aarebrot.

Norsk Forbund for Utviklingshemma stadfestar at Skogedal er den første med Downs syndrom som stiller til kommuneval i Norge, så langt dei har registrert. Skogedal får full støtte frå foreininga.

– Det er ei tragedie at ikkje fleire funksjonshemma er med i politikken. Demokratiet handlar om å forankra prioriteringar i befolkninga, seier forbundsleiar Jens Petter Gitlesen til Framtida.no.

LES OG: – Partia prioriterer ikkje folk med innvandrerbakgrunn