Hopp til innhold

Kan bli forbudt å røyke på busstoppet

– Ein skal sleppe å oppleve at folk røyker på buss og banestopp i Bergen, meiner Atle Kvåle frå Arbeidarpartiet. Men fylkesordføraren vil ikkje krevje at folk stumpar røyken.

Røyk på bybanestopp

RØYKEFORBOD: Får Arbeidarpartiet det som dei vil, blir det forbode å røyke på buss- og bybanestopp i Hordaland.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Då det i fjor vart innført røykeforbod ved alle togstasjonar og inngangar til offentlege bygg, tok Arbeidarpartiet til orde for eit forbod på haldeplassane til all kollektivtrafikk i landets to største byar.

Neste veke skal politikarane i Hordaland ta stilling til forslaget.

– Det der tykkjer eg er tull. Det er overformynderi. Viss dei ikkje toler røyk, trenger dei ikkje stille seg opp ved sidan av ein som røyker, seier Solveig Bratten og Anne Rollstad.

Dei har ikkje tenkt å stumpe røyken der dei står ved bybanestoppet på Sletten i Bergen. At fylkesrådmannen i Hordaland no ber politikarane om å forby røyking på bybane- og busstopp har dei lite til overs for.

Skeptisk til røykeforbod

Tom-Christer Nilsen

SKEPTISK: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) meiner forbodet ikkje let seg gjennomføre.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Røykarane får støtte frå fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H). Han vil ikkje krevje at dei to damene ved Sletten senter stumpar røyken.

– Skal me innføre eit forbod, må det vere eit forbod me kan handheve. Me har ingen moglegheit til å gå rundt og sjekke om folk røyker på busstoppar. Eg kjem ikkje til å stemme for å innføre forbodet, seier Nilsen.

LES OGSÅ: SV vil ha røykesoner på bussholdeplassene | Her kan det bli forbudt å røyke

– Tida for røykeforbod er overmoden

Atle Kvåle

VIL HA FORBOD: Atle Kvåle (Ap) meiner tida er inne for å innføre røykeforbod på kollektivstoppar.

Foto: Runa Victoria Engen

Atle Kvåle frå Arbeidarpartiet meiner derimot det er på tide å krevje røykestopp på kollektivstoppar.

– Den saka er eigentleg overmoden. Ein skal sleppe å oppleve at folk røyker på buss og banestopp i Bergen. Me bør jo vere opptatt av dei 80 – 85 prosent av befolkninga som ikkje røyker.

LES OGSÅ: Vil ha røykeforbod på alle kollektivstopp

Blant dei kollektivreisande er det også fleire som gjerne kunne tenke seg eit røykeforbod på haldeplassane. Andrea Solberg er ei av dei som er lei av passiv røyking medan ho ventar på bybanen.

– Eg trekker meg alltid unna. Det luktar ikkje godt og er ikkje sunt, så det er greitt å kunne unngå det dersom ein kan.

Forslaget om å innføre røykeforbod på alle fylkeskommunale haldeplassar og terminalar skal opp i samferdsleutvalet i fylkeskommunen neste veke.

LES OGSÅ: – Forboda tenderer mot hysteri