Hopp til innhold

– Kan bli fleire sykkelvegar med VM i 2017

Det kan gå mot betre tider for syklistane i Bergen. Sykkelsjef Einar Grieg trur VM i 2017 vil setje fart i planane om sykkelvegar.

Henrik

GRUNN TIL OPTIMISME?: Det kan gå mot betre tider for syklistar i byen no som Bergen har fått VM i 2017, meiner sykkelsjef i Bergen kommune. Blant syklistane NRK møtte på gata i går var det forsiktig håp å spore, men overbeviste er dei ikkje.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Jubelen stod i taket på rådhuset i går då det blei det kjent at Bergen får sykkel-VM i 2017.

– Dette er fantastisk! Me skal lage det beste arrangementet me nokosinne har hatt, jubla byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen umiddelbart etter at nyheita kom.

Sykkel-VM

JUBLA: Byrådsleiaren og ordføraren var mellom dei som jubla hemningslaust då Bergen i går vart tildelt sykkel-VM i 2017.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

For å gjere det har Bergen ei stor oppgåve framfor seg. Byen er enda ikkje noko eldorado for syklistar, og har fått kvass kritikk for mangelen på sykkelvegar, mellom anna frå by- og designplanleggaren Mikael Colville-Andersen.

– Det er deprimerande. Trafikkplanlegginga i byen er som å vera tilbake på 1950-talet, sa Andersen då han tidlegare i månaden besøkte Bergen.

– VM vil gjere det betre for vanlege folk

Det er fleire prosjekt på gang som den vanlege syklisten kjem til å merke

Einar Grieg, sykkelsjef

Bergen blei valt framfor søkarbyane Bogota (Colombia), Innsbruck (Austerrike) og Melbourne (Australia). Det er første gang sidan 1993 at VM vert arrangert i Norge.

Blant syklistane i Bergen var det i går ei forsiktig optimisme å spore.

– Det er veldig skummelt å sykle her. Ein kan jo alltids håpe at eit VM gjer det betre å sykle i byen, men eg tvilar på det, seier ein av syklistane NRK møtte ute langs vegen i går.

Men sykkelsjef i Bergen kommune, Einar Grieg, er sikker på at sykkel-VM er ein unik moglegheit til å legge til rette betre for vanlege syklistar i byen.

Profilbilde Einar Johan grieg

OPTIMIST: Sykkelsjef i Bergen kommune, Einar Grieg, meiner sykkel-VM i 2017 kan få fortgang i planane om fleire sykkelvegar i Bergen.

Foto: RubinaButt / NRK

– Det er fleire store og små prosjekt på gang, som den vanlege syklisten kjem til å merke. Dette vil gjer det lettare for folk flest å sykle.

Han meiner åra fram mot sykkel VM i 2017 må brukast på å legge til rette langt betre for vanlege syklistar. Grieg trur sykkel-VM i 2017, også kan gi fortgang i planane om sykkelvegar for vanlege syklistar.

– Det blir meir fokus på det sportslege, men og på sykling for folk flest.

LES OGSÅ: VM-traseen går rett forbi huset til stortalentet Kristoffer (21): – Dette blir tidenes VM

– Me må bruke denne anledninga

VM på sykkel reknast for å vere eit av verdas aller største idrettsarrangement. Det er venta at heile 330 millionar tv-sjåarar skal få oppleve ein idrettsfest i vestnorske omgjevnader i 2017.

Fylkesvaraordførar Mona Haugland Hellesnes trur som sykkelsjefen at sykkel-VM kan gje vind i segla for utbygginga av sykkelvegar.

– Me bør bruke denne anledninga me no har fått til å fokusere på kvardagssyklisten.

Byutviklingsbyråd Henning Warloe (H) var ikkje tilgjengeleg for ein kommentar i går.

Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) kunngjorde torsdag at det har tildelt VM på landevei i 2017 til Bergen.

SJÅ VIDEO: Her får Bergen nyheita om at Noreg blir arrangør for sykkel-VM i 2017.