NRK Meny
Normal

Kan bli ekstremvêr: Kan kome 340 millimeter nedbør på tre dagar

NVE har sendt ut fleire varsel og åtvarar om snøskred, jordskred og flaum i Hordaland og Rogaland.

Auka overvåking

VÅTT VÊR FRÅ VEST: – Dersom dette utviklar seg ytterlegare, kan det hende vi går over i Fase B og gir det eit ekstremværnavn, seier meteorolog Martin Granerød, ved Meteorologisk institutt i Bergen.

Foto: met.no

SISTE: Måndag ettermiddag sende meteorologane ut såkalla Fase A-varsel, som tyder at lågtrykket kan medføra farleg vêr og utvikla seg til ekstremvêr.

Det er venta lokalt svært mykje nedbør i indre og midtre strøk av Hordaland og Rogaland.

  • Måndag kveld og tysdag er det venta lokalt 120-140 mm i løpet av 30 timar
  • Onsdag er det venta 60-80 mm i løpet av 24 timar
  • Torsdag er det venta 90-120 mm i løpet av 24 timar

Det kan altså kome frå 270 til 340 millimeter nedbør dei neste tre dagane. Mest nedbør er venta i området mellom Boknafjorden og Hardangerfjorden.

Årsak til den kraftige nedbøren er to lågtrykk som treff Vestlandet tysdag og onsdag.

– Vi vil få eit vindfelt som legg seg vest og sørvest rett på Vestlandet og gir veldig fuktig og mild luft. Det blir 8–10 grader i låglandet, og snøgrensa vil stiga til 1500–2000 meter. Sjølv på Finse vil det bli periodar med plussgrader, seier meteorolog Martin Granerød ved Meteorologisk institutt i Bergen.

– Kan bli ekstremvêr

Måndag ettermiddag sende meteorologane ut såkalla Fase A-varsel, som tyder at lågtrykket kan medføra farleg vêr og utvikla seg til ekstremvêr. Det er dei store nedbørsmengdene og den kraftige avrenninga frå snøsmeltinga i fjellet som gjer at dei går til dette skrittet.

Meteorolog Martin Granerød

MILDVÊR I FJELLET: – Sjølv på Finse vil det bli periodar med plussgrader, seier meteorolog Martin Granerød ved Meteorologisk institutt i Bergen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Situasjonen er under auka overvaking, og vi følgjer ekstra godt med. Dersom dette utviklar seg ytterlegare, kan det hende vi går over i Fase B og gir det eit ekstremværnavn, seier Granerød.


Per no ser det ut til at indre og midtre strøk av Rogaland og Hordaland vil få den heftigaste nedbøren.

Dette gjer at Noregs- vassdrags og energidirektorat (NVE) åtvarar om stigande vassføring og fare for flaum på oransje nivå. Det er det nest høgaste varslingsnivået.

Tre ulike varsel samstundes

  • Jordskredvarselet på oransje, nest øvste nivå:

Sørlege delar av Vestlandet er mest utsett tysdag. Om ettermiddagen aukar faren for jord-, sørpe- og flaumskredfaren. Denne faren vil vara heilt til natt til fredag. Faren for sørpeskred er størst i område med meir enn 40–50 centimeter snø.

  • Flaumvarselet på oransje, nest øvste nivå:

Det er venta store nedbørsmengder frå tysdag til torsdag. Mest tysdag, oppimot 200 millimeter på 24 timar. Snøgrensa stig med høgare temperaturar og snøsmeltinga blir truleg stor.

Flaum på dette nivået kan medføra alvorlege skader, åtvarar NVE.

  • Snøskredvarselet på raudt, nest øvste nivå, stor fare:

Førebels handlar dette varselet berre om tysdagen, der farenivået er sett til raudt i området Voss, Hardanger og Indre Fjordane. Årsaka er dei store nedbørsmengdene.

Store vannmengder på E39 ved Helleland

MYKJE VATN PÅ VEG: Mildvêr i fjellet kombinert med at det er venta store mengder regn gjer at NVE har fått ut med tre ulike åtvaringar for dei kommande dagane.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det er fare for skred som losnar av seg sjølv i heile området, men størst er faren i sørlege delar av Hordaland og nordlege delar av Rogaland, forklarar vaktsjef Håvard Thorset hos NVE. Han oppmodar om at ingen oppheld seg i terreng brattare enn 30 grader tysdag.

– Ein bør halde seg unna alt skredterreng i områda som får mykje nedbør, seier han.

Ifølge NVE kan ein venta naturleg utløyste middels store skred.

Sjå varsom.no for alle detaljar.

Fylkesmannen i Rogaland og Hordaland har varsla dei aktuelle kommunane om farenivået. Kommunane blir oppfordra til å ta ein ekstra sjekk av stikkerenner, kummer og område som normalt er utsett for overvatn og flaum ved store nedbørsmengder som førebyggjande tiltak.

Laster Twitter-innhold

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.